Hopp til innhold

Ordførar meiner dyrare ferjedrift taler for midtre fjordkryssing i Nordfjord

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner høgare ferjekostnader vil gjere bru over Anda–Lote meir lønnsam enn ferjefri fjordkryssing i Stryn.

Lote og Anda

KJEM I TILLEGG: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner kostnadsauken på ferjesambandet Anda - Lote må med i vurderinga når regjeringa skal velgje trasé for E39 gjennom Nordfjord.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ordføraren viser mellom anna til nye anbod på fire ferjestrekkjer i Møre og Romsdal, der kostnaden har auka med 40 prosent.

Ei midtre line og fjordkryssing vil erstatte ferjesambandet Anda–Lote, medan ei bru i indre truleg vil føre til ferjesamband til evig tid.

– Får vi ikkje erstatta Lote–Anda-ferja med bru, så vil dette bety merkbart høgare kostnader for det offentlege enn det kunstig låge kostnadsnivået som vi har på ferjedrift i dag, seier Alfred Bjørlo (V).

Må ta omsyn

Striden om kvar E39 skal gå, og kvar det skal bli ferjefri fjordkryssing i Nordfjord, rullar vidare. Eid og Gloppen står steilt på dagens midtre line, medan Stryn held fram kampen om å få samferdsleåra gjennom sin kommune.

Alfred Bjørlo

ORDFØRAR: Alfred Bjørlo.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Regjeringa skal ta stilling til alternativa innan sommarferien. Bjørlo meiner det er viktig å ta ferjekostnadene med i totalrekneskapen.

– Med det nye kostnadsbiletet vi no ser på ferjedrift, kjem den økonomiske smellen på å ein indre E39 i tillegg til ferja, til å bli endå større for den som i framtida må plukke opp rekninga for ferja Lote-Anda, meiner Bjørlo.

– Mykje dyrare

Oddbjørn Vatne, leiar i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, er sikker på at kostnadene til ferjedrift vil auke vesentleg på heile Vestlandet dei komande åra.

– Dette er trenden, og det seier Statens vegvesen også. Det er slikt ein kan rekne med over heile Vestlandet, meiner han.

Gode vegar AS jobbar for indre line. Dagleg leiar Svein Sunde meiner Bjørlo gløymer eit svært viktig moment–at midtre line er eit mykje dyrare alternativ.

– Ifølgje analysen som Bjørlo ofte viser til, så er det ein prisdifferanse på 4,2 milliardar kroner, seier han.