Hopp til innhold

Lokalbefolkninga vil byggje bru med bompengar – han meiner det er lite samfunnsnyttig

ATLØY (NRK): Ved bruk av bompengar håpar folk på Atløy å få fastlandssamband etter tiår med kamp. Heilt feil bruk av pengar, er svaret frå bompengemotstandar.

Knut Inge Andersen

NEI TIL BRU: Listetopp i FNB Vestland, Knut Inge Andersen, meier det ikkje er lønsamt å byggje bru til Atløy. - Og bompengar er det ikkje trafikkgrunnlag for, meiner han.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Kan ein få bygt bru for ferje utan bompengar? Nei, meiner bygdefolk på øya i Askvoll kommune, som møter motstand frå toppkandidaten til bompengepartiet i Vestland.

I fleire tiår har kjempa har innbyggjarane der kjempa for å få erstatta dagens ferje med bru. Derfor blei Knut Inge Andersen i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) invitert til øya saman med andre vestlandspolitikarar.

Bruforkjempar og Venstre-politikar Bjørn Arne Mjåseth er klar på kor viktig ei slik bru vil vere for folket på Atløy.

– Andre stader der du køyrer på bomveg, kan du velje sjølv når du vil køyre. Her er det ein «bom» som berre opnar seg 18 gonger om dagen – når ferja går. Etter halv elleve om kvelden og før klokka seks om morgonane er vi eigentleg avskorne frå resten av samfunnet, seier Mjåseth.

Det skapar utfordringar både for fritid og arbeidsliv.

– Dette prosjektet har fått sine startløyvingar og vi håpar det skal vidareførast i nye Vestland. Derfor må vi oppdatere politikarane så vi er sikre på det skjer, seier han om politikarmøtet på Atløy.

– Ikkje samfunnsnyttig

Å bruke 1 milliard kroner på 500 innbyggjarar for å få bru er ikkje samfunnsnyttig, meiner toppkandidaten for FNB i Vestland, Knut Inge Andersen.

– Deler vi det ut på kvar person blir det rundt rekna 2 millionar kroner per person. Det er mykje pengar. Vi må heile vegen prioritere kva fylke, stat og kommunar skal bruke pengar på, seier Andersen.

Han meiner både fylkesveg 57 og vegen gjennom Kvammen til Førde er viktigare å prioritere.

– Med ferjeavløysingsmidlar og bompengar, er det ikkje mogleg å finansiere begge delar?

– Bompengar trur eg kokar ut i kålen i prosjekt som dette. Det er så lite trafikkgrunnlag at kostnaden med bompengeordning nesten overstig nesten det du greier få inn av inntekter.

– Vil tene storsamfunnet

Mjåseth meiner på si side storsamfunnet vil tene på fastlandssamband til Atløy.

– Kva synest du om at FNB seier ei bru vil koste meir enn den er verdt?

– Her er pengar som berre kan brukast til å avløyse ferje med fastlandssamband, og vil vise at dette faktisk er noko storsamfunnet sparer pengar på.

Han seier dei har mykje støtte frå andre politikarar og håpar også FNB kan kome til å endre oppfatning.

– Er du bekymra for at det kan setje ein stoppar for prosjektet om FNB får mykje makt i fylkestinget?

– Eg er ikkje redd for at dei får meir enn 50 prosent av fylkestinget, demokratiet rår. Det er viktig for oss at flest mogleg ser viktigheita av å realisere Atløy-sambandet, og det er difor vi legg vi opp til ein slik informasjonsdag.