NRK Meny
Normal

No har dei tru på at dei får bytt ut denne med bru

ATLØY (NRK): I staden for å betale i mange tiår for ei ferje, kan pengane heller gå til å byggje bruer og tunnelar. Det er eit nytt forslag frå regjeringa. Og det gir håp for innbyggjarane på Atløy, som vil bytte ferje med bru.

Created by InfoDispatcher

Heilt sidan 1970-talet har folk på Atløy i Askvoll jobba for å få fastlandssamband. Prisen kan komme opp i 700–800 millionar kroner, og Atløysambandet er avhengig av ei ny finansieringsordning for å bli realisert.

Bjørn Arne Mjåset i samferdslegruppa til Atløy vel er klar på at tida er overmoden for å bli kvitt ferja og få på plass ei bru, slik at Atløy vert bunde saman med kommunesenteret Askvoll.

– Brua er viktig av mange grunnar. Den viktigaste er at vi som lokalsamfunn får høve til å utvikle oss og støtte under den positive utviklinga vi har hatt over tid, seier Mjåset.

Vil heller bruke pengar på investering

Årsaka med at innbyggjarane på Atløy tok til å jobbe med ferjeavløysingsmidlar er at dei ville vri tankegangen til politikarane.

– Vi vil at dei i staden for å bruke pengar på drift, heller skal bruke pengar på investering. Vi vil at staten skal bruke pengane meir fornuftig enn i dag, seier Mjåset.

Slik det er i dag er innbyggjarane på Atløy avhengige av ferja for å komme seg frå øya.

Dei ønskjer å heller bruke dei pengane som no skal gå til 30 års drift av ferja, til ei bru.

– Ein skal leite lenge før ein finn eit betre samband enn Atløysambandet for noko slikt, på grunn av dei høge driftskostnadane vi har her, seier Mjåset.

Kart år reiser 105.000 passasjerar og nesten 60.000 personbilar på ferjesambandet.

Må vere eit spleiselag

I dag var stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp), som er leiar i kommunalkomiteen, på Atløy for å høyre på innbyggjarane.

– Eg vil hente inspirasjon til ei ordning vi jobbar med i stortinget no, for å erstatte ferjer med bruer, og i staden for å subsidiere ferjer, så byggjer vi bruer, seier Njåstad.

Han legg til at arbeidet med ordninga er komme langt.

– Det vil vere eit spleiselag, der ein har fleire finansieringskjelder for å få bru. Men det vil bli monaleg lettare når vi får på plass ei sånn ordning, seier Njåstad.

Han legg til at folk truleg er meir interesserte i å betale bompengar i ein periode, enn å betale ferjebillett i all æve.

– Betyr det at fylkeskommunen også må inn med pengar?

– Det vil variere frå prosjekt til prosjekt, seier Njåstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå