Hopp til innhold

Inviterer bompengemotstandar

Bruforkjempar og Venstre-politikar Bjørn Arne Mjåseth har i dag invitert Folkeaksjonen Nei til meir bompengar til Atløy. Toppkandidat for aksjonen, Knut Inge Andersen, meiner at øybuarane må klare seg med ferja og at det ikkje finst nok pengar til at alle som ønsker ny veg eller bru. Planen er at deler av fastlandssambandet til øya skal betalast med det staten sparer på å leggje ned ferja. Mjåseth fryktar ikkje at folkeaksjonen skal øydeleggje for bruplanane til folk på Atløy. – Vi skal forklare korleis ferjeavløysing verkar og korleis det kan vere med å byggje buområdet og regionen. Vi har som mål at region skal bli betre å bu i på sikt, seier Mjåseth. Knut Inge Andersen i folkeaksjonen seier han har takka ja til invitasjonen, og at han meir enn gjerne reiser til Atløy for å lytte til argumenta deira.

Atløysambandet
Foto: Rambøll