Hopp til innhold

LO-forbund: – Kleskjeder trugar dei tilsette

Tilsette hos kjeder som sel dyre merkeklede vert truga med lønsreduksjon om dei organiserer seg. Det hevdar Handel og kontor. Av kring 200 tilsette i konkursråka Moods of Norway var berre tre-fire fagorganiserte.

Jan Sivertsen i LO

KRITISK: Regionkontorleiar Jan Sivertsen i Handel og kontor meiner deler av klesbransjen trugar tilsette.

Foto: Roy Ervin Solstad / Transportarbeideren

– Eg synest det er skremmande at dei som sel dei dyraste kleda, og har kundar som har råd til å betale, er dei som gjerne har dei dårlegaste arbeidsforholda, seier regionkontorleiar i Handel og kontor, Jan Sivertsen.

Alle tilsette i butikkane til Moods of Norway fekk måndag beskjed av bustyraren om at dei vert oppsagde etter konkursen. Ved kontoret til bustyrar Asbjørn Løvik i Førde får NRK opplyst at det statlege lønsgarantifondet vil sikre at dei tilsette får utbetalt løna, feriepengane og andre vederlag dei har krav på.

– Fiendtleg innstilte

Uansett hadde Sivertsen helst sett at han kunne ha stilt opp og hjelpt dei tilsette i denne vanskelege situasjonen. Men sjølv om han representerer den fagforeininga som organiserer flest butikktilsette i Norge, fører ikkje konkursen til ekstra arbeid. Berre tre-fire av dei kring 200 er organiserte hos Sivertsen. Nokre er hemmelege medlemmer som ikkje har tariffavtale med Moods of Norway.

– Etter å ha drøfta det med kollegaene mine her, så viser det seg at Moods of Norway og andre kleskjeder som sel merkeklede i det øvre prissjiktet, er nokre av dei verste vi opplever å få organisert medlemmer hos. Desse arbeidsgjevarane er ofte meir fiendtleg innstilte til fagforeiningar, hevdar Sivertsen.

– På kva slags måte er dei fiendtleg innstilte?

– Dei stretar imot at vi får kome inn i butikken og organisere tilsette. Dei kjem med skjulte trugsmål mot dei tilsette om at dei vil gå ned i løn. Vi opplever og at tilsette vert truga med at dei mister arbeidstimar om dei organiserer seg, fortel regionkontorleiaren.

Har ikkje hatt saker med Moods

Sjølv om Sivertsen er kritisk til blant andre Moods-kjeda, vedgår han at foreininga ikkje har vore involvert i saker som vedkjem Moods.

Sivertsen meiner dei tilsette hadde vore i ein tryggare situasjon i kjølvatnet av konkursen om dei hadde vore fagorganiserte. Sjølv om dei tilsette er sikra gjennom Lønsgarantifondet, kan det vere behov for å søke hjelp.

– Vi har opplevd i enkelte konkursar at ikkje alle tilsette vert fanga opp av bustyraren. Då hjelper vi den tilsette med å rekne ut lønskrav og sende det over til bystyraren. Det er jo vi som kjenner tariffen og lønskrava dei har, seier Sivertsen.

– Sel klede de tenar pengar på

Han har denne tydelege oppmodinga til klesbransjen:

– Dei må byrje å behandle arbeidsfolk skikkeleg, og så må dei byrje å selje klede dei tener pengar på. Spørsmålet er om marknaden er stor nok til så mange forretningar som sel så dyre klede.

NRK har i fleire dagar forsøkt å få kommentar frå leiinga i Moods of Norway utan å lukkast. Ein av gründerane, Peder Børresen, lova å ringe tilbake, men det skjedde ikkje.

Moods of Norway på frimerke

FÅR KRITIKK: Gründerane bak Moods of Norway gjekk på ein sviande konkurs.

Virke: – Dette er lause påstandar

Virke er den leiande hovudorganisasjonen for handelsnæringa og representerer over 20 000 verksemder. Direktør for forhandlingar og arbeidslivspolitikk i Virke, Inger Lise Blyverket, spør etter dokumentasjon bak kritikken til Sivertsen.

– Det er ikkje desse haldningane som rår hjå våre medlemmer. Eg kan ikkje garantere for at det ikkje skjer, men eg tykkjer det er irriterande å bli møtt med desse lause påstandane som ikkje er dokumenterte, seier ho.

Blyverket meiner dei går breitt ut til sine medlemmer.

– Vi trur på at både arbeidstakarane og arbeidsgivarane organiserer sine interesser. Det betyr at vi støtter det organiserte arbeidsliv på begge sider, noko vi formidlar til våre medlemsbedrifter.

Inger Lise Blyverket

OPPMODAR TIL ORGANISERING: Direktør for forhandlingar og arbeidslivspolitikk i Virke, Inger Lise Blyverket, seier dei går breitt ut til både arbeidstakarar og arbeidsgivarar om å organisere sine interesser.

Foto: Virke