Stryningen bak klesmerket Moods of Norway, som no har endra namn til Moods, gjesta fredag kveld NRK Sommeråpent si direktesending frå Gloppen Camping og Fritidssenter.
Han fortalde om vegen tilbake etter at klesmerket gjekk konkurs i 2017.
Eventyret starta i 2003. Moods of Norway svevde på ei rosa sky og bygde ei merkevare basert på nasjonalromantikk, traktorar, vaflar og bestemødre. Det var store festar og merksemd frå alle kantar. Fleire internasjonale kjendisar fekk auga opp for klesgiganten.
– Moods var eit eventyr. Det var utruleg kjekt å kunne oppleve det saman med mine kameratar, sa Staalnacke til NRK.
Stryningen grunnla Moods of Norway saman med Stefan Dahlquist og Peder Kristian Børresen.
Moods of Norway etablerte seg raskt som eit stort varemerke utanfor landegrensene, men den amerikanske draumen kosta. Husleiga til butikken på Manhattan i New York var 16 millionar kroner i året. Moods-eventyret enda brått i 2017.
– Vi vaks nok litt for raskt, vedgår Staalnacke. Vi gav full gass ut av startgropa, fortel han.
– Mista du litt fotfestet frå Stryn då du reiste over dammen?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er alltid godt å ha trygge vestlandsverdiar med seg. Det er viktig med pågangsmot, meiner 43-åringen.
Då konkursen var eit faktum var Staalnacke oppteken av å raskt komme seg «tilbake på hesten.»
– Akkurat når det står på som verst er det sjølvsagt veldig hardt. Dette var ein fin epoke, og så må ein berre starte eit nytt kapittel, seier han.
Staalnacke meiner ein kan lære like mykje av nedturar som oppturar.
– Ein må heile tida våge å satse og gje litt gass. Men kanskje ikkje i like stor grad som vi gjorde i våre glansdagar, humrar stryningen.
Tidlegare i år opna Moods på nytt dørene i Stryn med eit heilt nytt konsept. Traktoren var parkert og det nasjonalromantiske uttrykket var kraftig nedtona.
Kva er det viktigaste du har lært i åra som gründer?
– Ein må prøve å få hjelp til det ein ikkje kan sjølv. Du må verkeleg tru på ideen din. Viss ikkje du sjølv har trua er det heilt umogleg å få andre til å tru på den, seier stryningen.