NRK Meny
Normal

Litt inne eller heilt ute?

Kjem Flora formelt til å melde seg ut av kommunesamarbeidet i Sunnfjord i dag? I ettermiddag skal bystyret handsame sak om temaet.

Ola Teigen

VIL LEGGE FRAM TO ALTERNATIV FOR INNBYGGARANE: Flora-pordførar Ola Teigen (Ap).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Gruppa til Arbeidarpartiet har konkludert på same måte som vi har gjort tidlegare. Vi vil legge fram to likeverdige alternativ for innbyggarane. Vi vil greie ut både kystkommune og sunnfjordkommunen, seier ordførar Ola Teigen.

På fredag kom meldinga om at dei kom til å trekkje seg frå planane om ein storkommune i Sunnfjord. Bakgrunnen var det som kom fram i innbyggarundesøkinga som Opinion hadde gjort. Der sa innbyggarane i Flora klart frå om at verken stor SIS eller liten SIS var aktuelt.

Møte mellom gruppeleiarane

På bakgrunn av resultata frå innbyggarundesøkinga meinte mange at planane om ein storkommune i Sunnfjord var lagt død for Flora sin del. Men etter eit drøftingsmøte mellom gruppeleiarane for dei politiske partia i kystbyen sundag, er døra opna på gløtt igjen.

– Det er viktig å gjere ei vurdering på kva som er det beste for innbyggarane i Flora. Korleis kan vi som politikarar legge fram ei best mogleg sak som innbyggarane kan ta stilling til i ei folkerøysting. Så kan vi sjølvsagt vere usamde om kva alternativ ein ynskjer politisk, men vi er samde om prosessen, seier Teigen.

Vanskeleg prosess

For politikarane i Flora er det ein vanskeleg veg vidare. Innbyggarane har sagt frå om at dei ikkje er interessert i noko storkommune i Sunnfjord. Kystalternativet er heller ikkje eit klart alternativ, for der seier Bremanger at dei vil halde fram som eigen kommune.

– Innbyggarundersøking var på klar dei ynskjer å halde fram som eigen kommune. Men så er det den vurderinga at dersom det er rett å hoppe av Sunnfjord-alternativet, så er det like rett å hoppe av kystkommunealternativet. Men kva sit vi igjen med då?

Spør Teigen retorisk, før han held fram.

– Då har vi ingen alternativ å legge fram for innbyggarane. Då avlyser vi innbyggarane sin sjanse til å seie noko om dette. Det var det mange som uttrykte skepsis til. For den moglegheita har vi både ved valet, og ved vedtaket vi har fatta i bystyret, lova at innbyggarane skal få ta del, seier Teigen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.