Hopp til innhold

Flora hoppar av storkommuneutgreiing i Sunnfjord

Flora kommune vil ikkje vere med i det vidare arbeidet mot ein stor Firda kommune.

Ola Teigen

SEIER NEI TIL STORKOMMUNEALTERNATIVET I SUNNFJORD: Ola Teigen (Ap) ordførar i Flora

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er klart etter at formannskapa i ti kommunar i dag fekk undersøkinga som avdekkjer stor skepsis hos innbyggjarane til storkommunen i Sunnfjord.

– Innbyggarane har sagt tydleg frå om at verken stor SIS eller liten SIS er aktuelt for Flora kommune, seier ordførar Ola Teigen i Flora.

For berre tre prosent av innbyggarane i Flora som hadde svart på undersøkinga var positive til det største alternativet med 10 kommunar. Det minste alternativet, liten SIS, med Førde som storebror var heller ikkje særleg attraktivt blant floraværingane og berre ni prosent oppslutnad.

Dermed er det slutt på «datinga» med dei andre ni kommunane i stor SIS-alternativet.

På friarføter igjen

I Staden gjer Flora no sin hosar grøne for Bremanger og Vågsøy.

–Vi har hatt eit møte med dei to kommunane denne veka og blitt samde om vi skal fortsette å snakke saman. Vi skal utvikle samarbeidet enten det blir kommunereformprosess eller ikkje.

Mathias Råheim, Frida Melvær og Ola Teigen

SAMARBEID, IKKJE SAMANSLÅING: Ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H), ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H) og ordførar i Flora Ola Teigen (Ap)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Storkommunen lagt død

Etter at Flora har hoppa av, og stemninga i dei andre kommunane heller ikkje er all verdas for stor SIS med 10 kommunar, må leiaren i regionrådet og ordførar i Gaular, Mathias Råheim, innsjå at det største alternativet er lagt død.

– Eg var i grunnen ikkje overraska over konklusjonen på den undersøkinga som kom. Det har i grunnen lege i korta.

Dermed står det indre sunnfjordalternativet igjen som det mest realistiske.

– Det har vi vel visst inst inne, seier Råheim.

Opning for randkommunane

Dermed materialiserer det seg eit alternativ der ein har funne saman i indre Sunnfjord, og så har Vi nokre randkommunar. Ein av desse er Askvoll der Frida Melvær (H) er ordførar.

– Vi ser heilt klart at det er HAFS-alternativet flest peikar på, men så har vi også heile 45 prosent som snakkar om Førde. Difor blir det viktig for å ha med oss liten SIS vidare, seier Melvær.

Askvoll er også ein kommune der ein opnar for at kommune kan splittast og gå til to ulike nye storkommunar.

– Vi veit at det er eit ynskje i Førdefjordområdet om at dersom Askvoll skulle gå inn i ei HAFS-samanslutning, så har dei så sterke relasjonar og nærleik til Førde at dei kanskje ynskjer seg den vegen. Vi veit det ikkje 100 prosent sikkert endå, men kjem det eit slikt initiativ så tar vi det på alvor.