Hopp til innhold

Legg vekk familievaldssak mot politimann

– Eg kan stadfeste at vi har lagt vekk saka på grunnlag av bevisa, stadfestar statsadvokat Jogeir Nogva ovanfor NRK.

Det var Firda.no som onsdag kveld melde at den familievaldssikta politimannen frå Sogn og Fjordane no startar prosessen med å få tilbake jobben.

Mannen vart suspendert då politiet tok ut offisiell sikting mot han i oktober .

– Han er overlukkeleg over å sleppe å måtte møte som tiltalt i ei familievaldssak, seier mannen sin forsvarar, Mette Yvonne Larsen, til NRK.

Kan klage på avgjerda

Jogeir Nogva

LEGG VEKK: Statsadvokat Jogeir Nogva stadfestar at dei legg vekk saka mot den familievaldssikta politimannen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Ovanfor NRK stadfestar statsadvokat Jogeir Nogva at saka er lagt vekk på grunn av utilstrekkelege bevis for at mannen har gjort seg skuldig i noko straffbar handling.

– Utover det kan eg ikkje kommentere saka, seier han. Avgjerda kan klagast på.

– No har dei andre henleggingane blitt klaga på i fleire rundar utan at det har nådd fram. Vi får sjå kva som skjer, men vi meiner det ikkje er grunnlag for tiltale og det satsar vi på også overordna påtalemakt er samd i, seier Larsen.

Krev jobben att

Politimannen har vore under etterforsking sidan han vart meld i april i fjor. I førre månad innstilte politiadvokaten på at det skulle takast ut tiltale for brot på straffelova, paragraf 219 .

Mette Yvonne Larsen

FORSVARAR: Mette Yvonne Larsen fortel om ein letta klient i dag. – Han fekk nesten samanbrot då eg fortalde han det i dag. Etterforskinga har gått over alt for lang tid og det har gått utover jobben og privatlivet. Det har vore ei umenneskeleg belastning, sjølv for ein politimann, seier ho.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Då hadde politiet mellom anna lagt vekk ei valdtektssak og etterforsking av anna vald. Larsen seier dei no vil krevje suspensjonen oppheva.

– Han tok suspensjonen tungt. Sjølv om tilliten har blitt sett på prøve denne perioden, så har han framleis tillit til arbeidsplassen sin, seier ho.

Vil krevje erstatning

Mannen vil også krevje erstatning for urettmessig straffeforfølging.

– Dette har kosta han mykje i form av problem med jobb, personlege belastningar i tillegg til betydelege utgifter til advokatar i sivile saker i kjølvatnet av dette. Når det får betydning for yrkesutøvinga, så kan det fort komme opp i store beløp, seier Larsen.

– Men det er ikkje det viktigaste no. Det viktigaste er at statsadvokaten finn at det ikkje er grunnlag for tiltale, avsluttar forsvararen.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå bistandsadvokat Jon Christian Elden.