Hopp til innhold

Den kvalitetssikra rapporten om skipstunnelen er ferdig

Kvalitetssikringa av utgreiinga av Stad skipstunnel vert overlevert fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen tysdag.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

ETTERLENGTA: Sjøfolk har i mange år kjempa for å få på plass ein skipstunnel gjennom fjellet.

Foto: NORDWEST3D

Sjøfolk har i ei årrekkje kjempa for å få på plass den mykje etterlengta skipstunnelen ved Stad. Ein tunnel her skal gjere til at båtane unngår det farlege Stadhavet, eit havparti som er frykta av mange for sine svært krevjande vêrtilhøve.

Kystverket la fram si utgreiing om skipstunnelen ved årsskiftet 2010-2011, og no er kvalitetssikringa av denne rapporten ferdig. Det er Holte Consulting AS og Pöyry AS som har hatt oppdraget.

Den nye rapporten skal mellom anna sjå nærare på bruk av tunnelen i dårleg verst. Ei utgreiing frå 2011 konkluderte med at Stad skipstunnel ikkje bør byggjast.

Tysdag skal fiskeri- og kystministeren ta i mot rapporten og sjå på det detaljerte grunnlaget som då ligg føre.