Lastebåten Molo Trader fekk motorstogg på Stadhavet i tung sjø og dårleg vér i tre-tida natt til søndag.
No meiner pådrivarane av Stad skipstunnel at hendelsane i helga tydeleg viser behovet for tunnelen.
Redda i siste liten
Lastebåten dreiv raskt mot land.
Til alt hell var fiskebåten Knester i nærleiken. Dei vart kalla opp av Molo Trader som då låg berre 180 mter frå land.
Skipper Mons Eivind Troland seier dei handla så raskt som råd.
– Det var nokre dramatiske minutt. Lastebåten dreiv ganske raskt mot land, forklarar Troland.
– Det var berre ein ting og gjere. Det var å få berga lastebåten så raskt som mogleg, for den dreiv rett i mot land, seier redningsmannen.
Troland og resten av mannskapet på ti redda lastebåten frå grunnstøyting.
Eit problemområde
– Hadde vi hatt Stad skipstunnel så hadde båten gått gjennom Stad skipstunnel og hadde sluppe å hamna i problem utanfor Buholmen, seier Kristin Maurstad, prosjektleiar i Stad skipstunnel.
Planane om Stad skiptunnel har vore gjennom heile 17 utgreiingar dei siste 25 åra.
Trass i at folk på kysten har kjempa i ei årrekke for tunnelen, er lite blitt avgjort.
Siste kapittel i den årelange diskusjonen kom sist veke. Då kom det fram at fiskeriministeren tvilar på om skip og båtar hadde klart å treffe holet på tunnelen.
- LES OGSÅ: Er i tvil om båtane vil treffe holet
– Dette er eit område kor ein gjentekne gongar har sett at båtar har hatt problem, påpeikar ho.
(Artikkelen held fram under biletet)
REDNING: Fiskebåten Knester redda Molo Trader farleg nær land
Foto: Daniel StenevikMinutt unna ulykke
Maurstad meiner ein ikkje kan vere sikre på at hjelpa er så nær til ei kvar tid.
– Utrekningar gjort av sikkerhetssenteret i Måløy viser at etter fem-seks minutt hadde dette gått verkeleg gale dersom ikkje lasteskipet hadde fått hjelp.
Maustad meiner ein bør setje punktum etter 17 utgreiingar og heller kome i gong med bygginga av tunnelen.
– Enkelte utgreiingar har vore nødvendige, men no synes vi at vi har nok grunnlag for å kunne seie at det er behov for tunnelen, seier Maurstad.
– I det veret som var i helga så var det veldig dramatisk.
Gjev ikkje opp
Skipper på Knester, Mons Eivind Troland er ikkje i tvil om kva som hadde skjedd dersom dei ikkje hadde vore i nærleiken.
– Skipet hadde hamna rett opp på land, litt sør om Buholmen om ikkje vi hadde redda han, seier Troland.
– Hadde vi hatt Stad skipstunnel så hadde båten gått gjennom Stad skipstunnel i helga og hadde sluppe å hamna i problem utanfor Buholmen, meiner Maurstad.
Dei har ikkje gjeve opp kampen om tunnelen.
– Vi vil absolutt presse på for å halde på framdrifta i saken, seier ho.