Hopp til innhold

Lar seg ikkje presse av aksjonistar

LOEN (NRK): – Engebø er eit veldig spanande prosjekt, som skaper store verdiar og mange arbeidsplassar i eit område der vi treng det, seier næringsminister Monica Mæland.

Monica Mæland

SNAKKA OM GRUVEDRIFT: Næringsminister Monica Mæland på talarstolen under fylkesårsmøtet til Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er eit viktig prosjekt for Sogn og Fjordane, og for regjeringa. Vi meiner noko når vi seier at vi skal satse på mineralpolitikk. Vi har tatt ei avgjerd og vi har handsama klagesaker knytt til denne saka, seier Mæland.

Frå talarstolen gjorde næringsministeren det klart for fylkesårsmøte i Høgre at ho og regjeringa så absolutt er for det omstridde gruveprosjektet. Foran dei omlag 130 frammøtte kritiserte ho Ap som utydelege i saka.

– Det er ein skilnad på å seie halleluja og faktisk gjere det. Det er mange som er for mineralpolitikk teoretisk sett, men vi må handsame sakene uansett kor vanskelege dei er. Det har regjeringa gjort. Vi har fått avgjerder i tre viktige saker som betyr arbeidsplassar og verdiskaping i distrikta, seier Mæland.

Vatn frå Engebø

På kontorpulten i Oslo har statsråden ei flaske med Engebøvatn, henta i fjorden utanfor den planlagde gruva i Vevring.

Flaska fekk ho frå nokon som er i mot prosjektet.

– Eg meiner det er ein styrke for vårt demokrati at vi kan engasjere oss for og i mot, men eg har flaska ståande som eit prov på at Engebø er eit viktig og rett prosjekt.

Ber aksjonistane «belite seg»

Då Nordic Mining starta prøveboringar i byrjinga av februar aksjonerte kring 100 motstandarar mot gruveplane. Blant anna lenke dei seg til boremaskinene for å hindre arbeidet. 80 personar har fått bøter. Sju har blitt tekne fleire gonger. I alt er det skrive ut bøter for 800.000 kroner til aksjonistane.

– Som eg seier, det er ein styrke for vårt demokrati at ein kan engasjere seg for og i mot saker ein meiner noko om. Men så har vi eit system der det er demokratisk valde styremakter som skal ta avgjerdene. Avgjerdene er no tekne, og på eit tidspunkt reknar eg med at ein vil «belite seg» (bergensk for å beherske seg seg).

– No seier Nordic Mining at dei vil saksøke aksjonistane?

– Det får bli ei sak mellom Nordic Mining og aksjonistane. Det skal ikkje eg blande meg opp i, vi skal forhalde oss til dette som styremakter, seier Mæland.

Arve Mjømen

INDUSTRIEVENTYR: Avtroppande fylkesleiar Arve Mjømen meiner Engebø-saka er ei «gladsak».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eit industrieventyr

Også avtroppande fylkesleiar Arve Mjømen tok opp saka i si siste tale til fylkesårsmøtet.

– Det er svært rart å demonstrere mot eit tiltak som kan skaffe over 300 arbeidsplassar. Dette er starten på eit industrieventyr. Hordaland har hatt Mongstad. No får Sogn og Fjordane Engebø, sa han til applaus frå salen.

Mæland gjer det klart at gruveprosjektert blir sett i gang.

– Det er sett i verk tiltak som er blant dei strengaste i verda for å sikre oss at dette skjer på ein best mogleg måte, og eg ser fram til realiseringa.