Hopp til innhold

Laksefiskarar som han gjer at det lokale hotellet kan halde kvaliteten oppe

SANDANE (NRK): I helga gjekk startskotet for laksesesongen. Fiskarane som kjem til Gloppeelva gjer at Gloppen Hotell kan styre unna lite lønnsame turistbussar.

Gloppeelva

FEKK FISK: Olav Arne Fiskerstrand fekk ein laks på 5,5 kilo i opningshelga i Gloppeelva.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ved midnatt 1. juni gjekk startskotet for laksesesongen, og mange fiskarar har gledd seg over storfangst i opningshelga. Fiskarane som har fått plass ved Gloppeelva denne helga, er handplukka av Gloppen Hotell til å vere med på det eksklusive opningsfisket. Men laksefisket er viktig for hotellet heile sesongen, fortel driftsleiar Preben Moen.

– Det er 91 dagar i året vi har laksefiske, då er det ti rom til laksefiskarar kvar natt og barrekningane bruker vere ganske høge. Så det betyr utruleg mykje, seier Moen.

– Turistbussane som køyrer rundt og ofte er dårleg betalt, dei slepp vi på grunn av samarbeidet med grunneigarlaget.

Lang fiskehistorie

Allereie på slutten av 1800-talet kom engelske lakselordar til hotellet for å drive laksefiske og nyte det gode liv ved Gloppen Hotell. I 1996 fekk hotellet ein avtale med grunneigarane som gjorde det mogleg å igjen satse på denne gruppa.

– Vi hadde nok ikkje vore der vi er i dag, hadde det ikkje vore for den, seier Moen.

Det at ti av 61 rom ved hotellet er sett av til laksefiskarar i hovudsesongen i sommarmånadene, gjer at Gloppen Hotell kan levere den kvaliteten dei ønskjer, fortel han.

Preben Moen

VIKTIG FOR HOTELLET: – Det er ein god samfunnsøkonomisk tanke i at reiselivsbedrifter får moglegheit til å selje topprodukt som dette. Grunneigarane får fiskeleiga, vi får overnatting og alkoholsalet, seier driftsleiar ved Gloppen Hotell Preben Moen.

Foto: PRIVAT

– Utan det måtte vi nok vore eit meir tradisjonelt turisthotell, hatt lågare kvalitet og meir kvantitet.

Frå heile landet

Fiskarane som bruker Gloppeelva og hotellet, kjem frå heile landet

– I juni og august er det ofte firma som er her. I juli, i fellesferien, er det gjerne vennegjengar eller par som fiskar. Mange som flyttar ut vil gjerne vise vennene sine Sandane og fisket, og tar dei med hit, seier Moen.

Olav Arne Fiskerstrand har reist frå Møre og Romsdal for å ta del i opningshelga. Han har fiska i Gloppeelva i fleire år.

– Det har vore ei fantastisk fin helg, seier han.

– Vi har fått sju fiskar til saman, det er veldig bra. Eg fekk ein på 5,5 kilo. Den største var på 13 kilo, det er fantastisk fisk. Så vi har hatt det veldig flott, sjølv om elva er litt lita og det no er litt nedbør, seier Fiskerstrand.

Lovande sesong

Ti fiskestenger kan brukast på ei 2,5 kilometer lang strekning. Eit ganske eksklusivt fisketilbod, meiner Moen.

– Du har elva for deg sjølv. Knut Myklebust på garden her er tredje generasjon roar og kleppar. He er unike føresetnader, og mykje stor fisk.

– Korleis ser det ut for sesongen framover?

- Det ser bra ut, men her er lite vatn grunna arbeid med eit kraftverk. Får vi litt meir vatn no, trur eg det blir veldig bra – då får kanskje eg også fisk, ler han.