Hopp til innhold

Fekk sværing på kroken på dag to

Klokka 00.00 laurdag gjekk startskotet for laksesesongen. Bjarne Huseklepp opna det heile med to laksar på over sju kilo kvar. Sundag fekk han nok ein storfangst.

Bjarne Huseklepp

STORFANGST: – For ein morgon, seier Bjarne Huseklepp etter å ha dratt i land denne laksen.

Foto: Håkon Huseklepp

– No har eg fylt kvoten min. Eg får ikkje fiske meir før i morgon, sa Huseklepp til NRK i går. Då hadde han fått opp to laks på over sju kilo kvar.

Sundag vart det ny storfangst då han gjekk i elva igjen. Då drog han i land ein laks som han trur må vege over 12 kilo.

– Det var litt av ein kamp å dra han i land. Eg har ikkje vege han enno, men det er ein stor laks. Eg vil tru den veg 12 kilo pluss.

Frå før er rekorden hans frå Flekkeelva ein laks på 14 kilo.

Huseklepp er blant dei mange som har gleda seg til opninga av laksesesongen. Laurdag var han på plass i Flekkeelva i Fjaler klokka 4.00.

– Det er veldig fin storleik på laksane som kjem inn i her år. Det er mange som er frå 6–7 kilo og oppover.

Finn inspirasjon til laksemiddagar her og test laksekunnskapane dine her.

Ti minutt

Også andre stader i fylket har laksefisket opna bra. Fjordabladet kan i dag melde om fiskelukke tre minutt over midnatt i Eidselva. Inge Arthur Refsnes var den heldige då han fekk ein laks på 7,5 kilo.

– Det var på mitt tredje kast etter opning klokka tolv midnatt, så snart etter fiskeopning har eg aldri fått fisk før, seier Refsnes til avisa.

I Lærdal er Mattias Helde frå Sverige på plass. Han driv Fiskebloggen.

– Vi byrja å fiske ved midnatt, men det var mørkt og kaldt i vatnet, så vi gav oss etter to timar og starta på att klokka sju i dag tidleg, fortel Helde.

Klokka tre i ettermiddag hadde han framleis ikkje fått napp. Men han har tre dagar att av fiske i Lærdalselva og er ikkje stressa.

– Det kjem snart. Kompisen min fekk akkurat ein laks på kroken på same stad som eg stod og fiska i natt, så eg har trua.

Mattias Helde på fiske i Lærdalselva

FØRSTE DAG: Mattis Helde var på plass i Lærdal då laksefiske starta i dag. – ​​​​​​​ Lærdal er ein fantastisk stad å starte laksefiskesesongen, seier han.

Foto: privat