Normal

Lærdalselva opnar endeleg for fiske for første gong sidan 1996

For første gong på 17 år blir den kjende Lærdalselva opna opp for laksefiske.

Lærdalselva
Foto: NRK

Lasse Sælthun

GLER SEG: Lasse Sælthun i elveeigarlaget seier det kriblar i kroppen no når elva blir opna for fiske att.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Elva har vore stengt for både kongelege og andre fritidsfiskarar etter at den dødelege lakseparasitten Gyrodaktylus salaris blei oppdaga. Kampen mot parasitten har kosta 45 millionar kroner.

Gler seg og er spente

Men no er det altså klart for fiske igjen. Leiar Lasse Sælthun i elveeigarlaget seier det kriblar i heile kroppen når fisket endeleg kan opne igjen .

– Vi gler oss. Det er mange år sidan det var ordinært laksefiske her, så no er vi spente på korleis dette blir, seier han.

Spenninga knyter seg både til om dei får fiske og om elva endeleg er heilt frisk att.

– Det kan vi dessverre ikkje vere heilt sikre på, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Daglig leder Knut Lindstrøm ved erværdige Lindstrøm Hotel i Lærdal forteller om hvor viktig lakseelva var for Lærdal.

SJÅ VIDEO: Dagleg leiar Knut Lindstrøm ved ærverdige Lindstrøm Hotel i Lærdal fortel om kor viktig lakseelva var for Lærdal.

Mange forsøk på å knekke parasitten

Det var mange som blei sjokkerte i 1996 då «dronninga mellom lakseelvar» blei infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Mange har fiska i denne elva opp gjennom åra, mellom anna var Kong Harald ein hyppig gjest her.

Til sterke protestar mellom andre frå Norges Miljøvernforbund, blei fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med gifta rotenon i 1997. Kring 3000 sjøaurar og 200 laks strauk med etter giftkuren. Trass ny kur seinare same år, blei ein ikkje kvitt parasitten.

I 2005 starta eit forsøk på å utrydde gyrodactylus-parasitten frå vassdraget med såkalla surt aluminium i kombinasjon med rotenonutslepp. I 2012 starta eit nytt forsøk på å få vekk parasitten.

Taper 10 millionar i året

Prisen har vore høg, heile 45 millionar kroner har det kosta. Jarle Steinkjer som er seniorrådgjevar i Direktoratet for naturforvaltning seier det har vore naudsynt å bli kvitt parasitten.

– Vi må ta vare på dei unike laksestammane vi har i Norge. Dette er det absolutt verdt å bruke pengar på, ikkje minst når vi tenkjer på dei verdiane som finst i lokalsamfunnet. Vi reknar med at lokalsamfunnet taper minst 10 millionar kroner i året så lenge smitten finst, seier han.

I natt kan laksefiskarane igjen dyrka lidenskapen i den kjende elva. Lasse Sælthun i elveeigarlaget er optimist.

– Eg har skildra dette som 17 år med håp og skuffelse. Det har vore mest nedturar og vi håper det er slutt på dei no, seier han.

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Sogn opna opp for laksefiske. Kampen mot den dødlege lakseparasitten har kosta 45 millionar kroner.

SJÅ VIDEO: Endeleg opnar Lærdalselva for fiske igjen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune