Hopp til innhold

Vil opne for fiske i Lærdalselvi

Elveeigarlaget i Lærdal ønskjer å opne for ordinært laksefiske i Lærdalselvi for første gong på 17 år.

Lærdalselvi

SMITTA: I 1996 vart det oppdaga at «dronninga mellom lakseelvar»; Lærdalselvi, var infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Foto: Anne Karin Skjær Brugrand

No er håpet at elva er fri for smitte og at arbeidet med å byggje opp ein laksestamme kan starte, skriv Bergens Tidende.

– Det vi ønskjer er å starte eit berekraftig sportsfiske på ein fiskestamme som skal leve vidare og vekse seg sterk. Vi håper verkeleg å sleppe å få påvist gyroen endå ein gong, seier styreleiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag til avisa.

All fisken blei utrydda

I 1996 vart det oppdaga at «dronninga mellom lakseelvar», Lærdalselvi, var infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Mange har fiska i denne elva opp gjennom åra, mellom anna var Kong Harald ein hyppig gjest her.

Til sterke protestar mellom andre frå Norges Miljøvernforbund, blei fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med gifta rotenon i 1997. Kring 3000 sjøaurar og 200 laks strauk med etter giftkuren. Trass ny kur seinare same år, blei ein ikkje kvitt parasitten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rotenon i Lærdalselvi

ROTENON: Fisken i heile Lærdalsvassdraget blei totalt utrydda med gifta rotenon i 1997.

Foto: NRK

Har brukt 90 millionar siste åra

I 2005 starta eit forsøk på å utrydde gyrodactylus-parasitten frå vassdraget med såkalla surt aluminium i kombinasjon med rotenonutslepp. I 2012 starta eit nytt forsøk på å få vekk parasitten. Frå 2005 til 2012 er det brukt i alt 90 millionar kroner på kampen mot Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi.

Det har vore fiske i elva i forkant av rotenonbehandlingane, for å ta opp fisk som elles ville døydd.

Strenge restriksjonar

Bakgrunnen for søknaden om ordinært laksefiske, er positive teljingar av laks. No er håpet å starte fisket 13. juni i år, trass i at det i utgangspunktet er fem års karantene etter ei gyrobehandling.

– Vi søkjer om eit avgrensa fiske med sterke restriksjonar. Ein fiskar skal ta maksimalt ein laks i døgnet, seier han.

Seniorrådgjevar Helge Axel Dyrendal i Direktoratet for Naturforvaltning seier dei ventar på kva Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier, før dei tek stilling til søknaden.

– Nøkkelen er at bestanden av gytefisk er stor nok, seier han.