Her ser dykkarane eit unikt korallområde – så kom oppdrettsanlegget

Korallområde på vestlandskysten kan bli øydelagt av eit nytt oppdrettsanlegg, meiner Fylkesmannen. Men oppdrettsanlegget kom likevel.

Blomkålkorallar

ENORMT: Dykkarar og ekspertar har visst om den store korallførekomsten, men staten visste ikkje noko som helst. No er det plassert eit oppdrettsanlegg like ved.

Foto: Erling Svensen

– Å ha dette oppdrettsanlegget ved korallane er totalt øydeleggande, seier Erling Svensen.

Svensen er ein av landets mest erfarne undervassfotografar, men synet som møtte han då han dykka ved Husevågøy ytst i Nordfjord for nokre år tilbake var svært spesielt.

– Det var eigentleg ei ut av kroppen-oppleving. Fjellveggen var dekka av blomkålkorallar så langt eg kunne sjå.

Blomkålkorall Husevågøy

LIV I HAVET: Kring korallane er det ofte eit uvanleg rikt dyreliv.

Foto: Erling Svensen

Staten visste ikkje om korallane

Fylkesmann og Havforskingsinstitutt meiner funnet i vestlandsfjorden er unikt i nasjonal samanheng.

Problemet er at dei ikkje ante at området eksisterte før dei vart varsla av Svensen i sommar. Då hadde dei alt gitt løyve til å plassere eit oppdrettsanlegg.

Fylkesmannen trekte difor tilbake løyvet som ei hastesak, men oppdrettsselskapet har klaga på avgjerda til Miljødirektoratet. Og sidan laksesmolten og anlegget alt var bestilt, har dei fått lov å sette i gang.

Svensen fryktar no at korallane går tapt medan staten blir einige med seg sjølv.

– Miljødirektoratet burde tatt ei rask avgjerd og flytta anlegget vekk, seier han.

Husevågøy

PÅ PLASS: Oppdrettsanlegget ved Husevågøy.

Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

Fryktar enorme tap

– Det er ein fortvilande situasjon, seier Carl-Erik Arnesen, styreleiar i Troland fiskeoppdrett, som eig oppdrettsanlegget saman med Austevoll Melaks og Langøylaks.

Han fryktar milliontap om staten ombestemmer seg, og seier dei vil overvake området for å sjekke om blomkålkorallen vert påverka.

Selskapa har gjort investeringar for 39 millionar kroner. Smolten som er bestilt har ein verdi på 15 millionar kroner.

Oppdrettarane har også laga spreiingsmodellar som syner at partiklar frå oppdrettsanlegget ikkje vil treffe korallane.

– Om undersøkingane viser at blomkålkorallen forsvinn likevel, kva då?

– Vi trur ikkje det vil skje i det heile tatt. Blomkålkorallen er heller ikkje ei truga art, men ei vanleg førekomst på kysten.

– Kva har du då å seie til at Fylkesmannen meiner dette er unikt, og at oppdrett faktisk er eit trugsmål?

Carl-Erik Arnesen i Hav Line Gruppen

FORTVILANDE: Carl-Erik Arnesen i Troland fiskeoppdrett.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

– Eg veit ikkje kva dei meiner med unikt, då burde jo dei ha freda området, seier Arnesen.

Kor lett er det å flytte anlegget?

– Det er ingen lett sak. Det har tatt oss to og eit halvt år å få lokaliteten.

Arnesen vil ikkje seie noko om kven som skal betale for eit økonomisk tap, eller om saka ender i rettsapparatet.

– Eg vil ikkje truge med det, men vi kan ikkje sjå vekk frå det, vi får sjå kva Miljødirektoratet endar på.

Fekk politisk hastemøte

Like etter at Fylkesmannen trakk tilbake løyvet fekk Salmon Group, som er ei overbygning av oppdrettarar på Vestlandet, eit hastemøte med Klima- og miljødepartementet. Der var også stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre.

– Eit reint informasjonsmøte, seier både Eskeland og statssekretær Atle Hamar frå Venstre i dag.

– Det er oppdrettarane som har den økonomiske risikoen

Miljødirektoratet seier dei prioriterer saka, men Cecilie Kristiansen, seksjonsleiar for havforvaltning og marine næringar, kan ikkje seie kva som vil skje.

– Vi jobbar med saka, og reknar med å ha ei avgjerd i løpet av januar.

– Kor sikre kan ein vere på at ikkje korallane vert øydelagde i mellomtida?

Cecilie Kristiansen

JOBBAR MED SAKA: Cecilie Kristiansen i Miljødirektoratet.

Foto: Siri Nordberg

– Vi har gjort ei vurdering av at drift i ei avgrensa periode, ikkje representerer ei vesentleg skade for naturmangfaldet.

Kva med den økonomiske sida av saka?

– Dei økonomiske tilhøva er ein viktig del av klagesaka. Men oppstart og drift før ei klagesak er avgjort, er på selskapet sin økonomiske risiko, seier Kristiansen.

Blomkålkorall

SPESIELT: Blomkåkorallar ved Husevågøy i Nordfjord.

Foto: Erling Svensen