Kven vinner Luttprisen 2018?

På laurdag 19. januar vert det avgjort kven som vinn Luttprisen 2018, årets artist frå Sogn og Fjordane. Showet kan du høyre direkte i radio på NRK.

Kjartan Lauritzen

FEKK PRIS: Artisten Kjartan Lauritzen frå Balestrand blei kåra til årets artist 2017 i Sogn og Fjordane.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

  • Fristen for å stemme på sin favoritt har no gått ut.

Tolv artistar har vore med i finalen, og prisen blir delt ut på Larris Scene under eit stort show laurdag 19. januar 2019. Showet vert sendt direkte i radio på NRK Sogn og Fjordane.

Finalistane er Sjur, Alexander Pavelich, Eva Weel Skram, Thea Hjelmeland, Aleks Grey, Sofia Hyttedalen, Karl Seglem, Odd Erik Lothe, Ketil Thorbjørnsen, Elida Høgalmen, Mona-Jill Band og Vreid.

Stort musikkshow

Luttprisen blir delt ut under eit større musikkshow på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar. Der får du oppleve nokre av artistane frå fylket med størst suksess i løpet av det siste året. På scena står Thea Hjelmeland, Sjur, Sofia, Aleks Grey, Odd-Erik Lothe, Line Dybedal, Karoline Løken-Nesthun, Frida Hunshammer med fleire.

Luttprisen 2018

Programleiar er Ronny Brede Aase og Luttprisutdelinga blir sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane kl 2003. Dagen før vil du også kunne sjå konsertar frå sju av dei nye og spennande banda frå Sogn og Fjordane på Larris Scene som ein del av Blest festival.

Nesten 10.000 røyster

– Det er svært mange som har engasjert seg og nominert artistar frå heile Sogn og Fjordane. No har folkejuryen gjeve 10.000 røyster til finalistane i Luttprisen, seier musikkansvarleg Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Det har dei gjort her på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Siste frist for å røyste var 13. januar 2019. Deretter vert juryen samla for endeleg avgjerd 15. januar.

Merksemd og kvalitet

Tidlegare har artistar som Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram, Karl Seglem, Thea Hjelmeland, Good Time Charlie og Vreid fått Luttprisen.

Luttprisen blir avgjort både av folkejury og ein eigen fagjury, og har fagjuryen har fleire kriterium for tildeling. Prisen skal gå til ein artist eller gruppe frå Sogn og Fjordane som i løpet av året har markert seg tydeleg i fylket både i media og på konsertscener. At vinnaren framfører eige materiale, brukar nynorsk, har fått nasjonal eller internasjonal merksemd skal også telje som pluss.

Luttprisen er eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Luttprisen 2017 frontbilde

STORT SHOW: Luttprisen blir delt ut under eit større musikkshow på Larris Scene i Førde laurdag 19. januar.

Foto: Asle Veien / NRK