Hopp til innhold

Kjartan Lauritzen er årets artist

FØRDE (NRK): Artisten Kjartan Lauritzen frå Balestrand har fått årets Luttpris. Den blei delt ut under musikkfesten på Larris Scene i Førde laurdag kveld.

Kjartan Lauritzen fekk Luttprisen

GLAD: 2017 har vore eit bra år for artisten for Balestrand.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Tusen takk. Det er jo fantastisk. Det er ikkje så mange, inkludert meg sjølv, som trudde at då eg byrja med rapmusikk, skulle vinne noko som helst. Eg er ordlaus. Dette er ganske hyggeleg, sa han då han mottok prisen.

Vinnaren er stemt fram av ein folkejury og ein fagjury. Det var 11 nominerte og til saman kom det inn 12.500 røyster på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.

Juryen har bestått av Jan Inge Fardal i Sogn Avis, Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, Else Hessevik i Brak, Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest, Kristin Sandal Norsk country treff og Øyvind Lyslo frå fylkeskommunen.

– Det var veldig jamt, og det var spennande diskusjonar i fagjuryen, seier dei.

Blei årets artist i Sogn og Fjordane

FEKK PRIS: Sjå utdelinga av Luttprisen til Kjartan Lauritzen. Prisen blei delt ut av Iselin Solheim og Alexander Pavelich.

Alt han har drøymt om har skjedd

Lauritzen seier det er i ære å vinne Luttprisen som blei delt ut for 12. gong.

– Det er kjekt å få heider og ære i Sogn og Fjordane. Ein vil jo alltid imponere dei der ein er frå.

2017 har vore eit fantastisk år for musikaren frå Balestrand som eigentleg heiter Per Aki Sigurdson Kvikne. Han har fått spele på nokre av dei største festivalane i landet, og har i haust seld ut store arenaer i våre største byar.

– Det er uverkeleg og går nesten ikkje an å setje ord på det. Alt eg har drøymt om å få til har skjedd dette året.

Andrea Santiago
Foto: Anders Martin Helle/NRK

Vil designe sengetøy og sokkar

Artisten har hatt to P3 Gull-nominasjonar og ein spellemannsnominasjon. Han har fått terningkast 6 og er kåra til årets album av NRK P3. No håper han på eit bra 2018.

– Eg skal halde fram med å ha det gøy. Eg skal spele på konsertar, lage videoar og gjere noko kreativt. Eg vil lage klede. Tidlegare har eg laga caps og genserar. No vil eg lage sokkar, smykke, bamse og sengetøy.

Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim samt eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Han har klare planar for kva han skal bruke pengane på.

– Eg skal investere i utstyr slik at eg kan jobbe vidare med musikk, og så vil eg reise på tur og kose meg. Eg skal feire meg sjølv litt. Men det viktigaste er å lage musikk eg sjølv likar, så er det eit pluss om andre likar den også.

– Du har tekstar på nynorsk og er nominert til Spellemannsprisen som Årets nykommar. Kva betyr det for deg?

– Det betyr mykje, for det er ikkje så mange frå Sogn og Fjordane som driv med rap. Men det viser at du kan starte med rap her og bli tatt seriøst. Du kan komme langt om du gidd å prøve.

Har ei klar oppmoding

Han håper å kunne inspirere unge i Sogn og Fjordane til ikkje berre spele fotball eller studere.

– Gjer noko du har lyst til og følg draumane dine.

I løpet av kvelden blei det også delt ut to andre prisar. Årets talentpris gjekk til Sofia Hyttedalen frå Gloppen og Furorestipendet frå Sparebankstiftinga gjekk til Aleksander Raftevold frå Eid.

Her får du heile musikkfesten

SJÅ HEILE SENDINGA: Programleiar Ronny Brede Aase losar deg gjennom showet.