Kåringa er i gang - kven skal vinne 100 000 kroner

No kan du røyste på din favoritt til Årets kulturidé. Vinnnaren stikk av med 100.000 kroner.

Kulturidé 2013

FINALISTANE: Publikum kan no røyste på dei ti finalistane i Årets kulturide.

Foto: Fotomontasje

Ein jury plukka ut ti finalistar og dei har blitt presenterte i radiosendingane og på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane dei siste vekene

Vinnaren blir kåra i ettermiddagssendinga neste fredag, mellom klokka 14 og 17. Fram til den tid kan du nytte tida til røyste på den kulturideen du likar best.

  • PS: Avstemminga ligg nedst i artikkelen.

– Det er jo dette som er moro. No har juryen sagt sitt, og no får vi passet vårt påskrive, ler juryleiar Pål Fidjestøl.

Vil ha publikum med

Pål Fidjestøl

LEIAR: Pål Fidjestøl.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er Sparebankstiftinga som saman med NRK Sogn og Fjordane deler ut prisen.

Dei siste vekene har finalistane blitt presentert både på nett og i radioen. Finaleheatet femnar over et breitt spekter av kulturlivet. No kan publikum avjgere kven som får prisen på 100.000 kroner.

– No skal avgjerda falle, og vi vil ha publikum med på avgjerda. Publikum sine røyster tel 50,1 prosent, men sjølv om vi skal lytte på råda frå publikum så har også juryen sine meiningar, seier Fidjestøl.

Vanskeleg oppgåve

Utkantfestivalen vann Årets kulturidé

JUBEL: Slik såg det ut då Utkantfestivalen vann prisen i fjor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I fjor var det musikkfestivalen Utkant som stakk av med pengane og prisen . Då var juryen og publikum ganske så samde om kven som burde gå sigrande ut av finalerunden.

Fidjestøl seier dei helst ville gjeve premie til alle kandidatane, og vedgår at det blir ein vanskeleg jobb å kåre ein vinnar.

– Det blir jo litt som å samanlikne lite samanliknbare ting. Det er litt difor vi gjer det på denne måten også. No er eg mest spent på responsen, sjå kva publikum går for og kor mange som let seg engasjere, seier han og oppmodar finalistane til å mønstre engasjement kring avrøystinga.

Her er juryen sine finalekandidatar:

«Alt lys på Solund»

I eit lystig lag kom dei på ideen om å skape sin eigen lysfestival i gråaste mørketida. No vonar arbeidsgruppa i Solund at dei stikk av med 100.000 kroner for årets kulturidé.

Barnebokbyen Fjærland

Barnebokbyen skal vere eit tilbod som skal freiste barn og unge inn i bøkenes verd. Den norske bokbyen mellom dei høge fjella i Fjærland har lenge selt bruktbøker, men har sjølv innsett at tilbodet dei har hatt til barn og unge ikkje har vore godt nok.

Sunnfjord metalfestival

Ideen dukka opp heime på hybelen. I år håpar ungdomane bak Sunnfjord Metalevening å toppe sitt andre leveår som «Årets Kulturidé».

Sogndal Seniorcamp

Ein møteplass der seniorane kan tøye og sprenge sine eigne grenser. Slik kan ein kort beskrive ideen som Sogndal folkehøgskule håpar skal bli årets kulturidé.

Geitostfestivalen

Kulturideen starta som ei stølshelg for minst 100 år sidan. Sidan har det utvikla seg og vart til ein festival i 1996/1997. At Fjord- og Geitostfestivalen no er nominert til årets kulturidé, betyr mykje for tre av dei som står bak.

BRÅTT-festivalen

Ho vil at kulturen skal kome heim i stovene til folk. No kjempar Unni Løvlid og dei andre bak «Brått-festival» om tittelen årets kulturidé. Folkemusikk, korpsmusikk, biletkunst og andre kulturopplevingar i ei vid breidde skal no treffe folk i Hornindal - og gjerne langt utanfor kommunegrensene.

STRAUM

Saknet etter fleire musikkarrangement meldte seg då Vegar Heimsæter og Geir Bjørkedal Skårhaug flytta heim til Eid. Saman Fredrik Bjørlo utgjer Heimsæter og Bjørkedal Skårhaug trioen som står bak elektronikafestivalen «Straum» på Nordfjordeid.

Våt moro

Våt moro kan gje klingande mynt i kassen for denne gjengen frå Florø. For andre året på rad satsar dei på å lage til ei festivalhelg i kystbyen, der det våte element står i fokus på alle måtar.

Der båra bryt

I Bremanger har dei ambisiøse planer om eit vandreteater på Grotlesanden til neste år. Målet er å ta vare på den gamle kulturhistoria, og presentere den til publikum medan dei går langs sanden og bølgjeskvulpet.

Teaterfestivalen i Fjaler

Til hausten er det duka for teaterfestival i Dale i Sunnfjord. Bygda har eit frodig miljø innan biletkunst, design, litteratur og scenekunst. Initiativtakarane håpar den klatrar heilt til topps som «Årets Kulturidé».

Her kan du stemme:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Årets kulturidé 2013» i nytt vindu