Vandreteateret «Der båra bryt» i Bremanger er den tiande, og siste, finaledeltakaren som kjempar om
.Målet er å ha teateret på plass neste år, med Grotlesanden og naturen rundt som scene.
- LES OGSÅ:
– Her skal vi gå bortover stranda, og få presentert historiske tablå. Vi vandrar mot der gamle Grotle kyrkje stod og restane etter den gamle kyrkjegarden, fortel Reidun Øvrebotten.
Segn og mytar
Ideen såg dagens lys då organisasjonen Nye Bremanger utfordra kulturskulen på å kome opp med idé til eit stort kulturarrangement. Grotlesanden vert ofte trekt fram når kommunen blir promotert. Og dermed byrja ballen å rulle.
Målet er å ta vare på den gamle kulturhistoria til Bremanger.
- LES OGSÅ:
– Det blir ikkje noko tradisjonelt sogespel, som vi har mange stadar. Vi tenkjer å presentere vår kulturhistorie, gamle segn og mytar frå vår lokale historie på ein original og utradisjonell måte – med eit slags vandreteater med musikk og rørsle i sentrum, fortel Grethe Berntzen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Profesjonelle i sving
Gjengen har allereie diskutert opplegget med «alt som kan krype og gå» av organisasjonar. I tillegg har dei profesjonelle aktørar med på laget, som manusforfattar Miriam Prestøy Lie og regissør Torkil Sandsund frå Dale.
Profesjonelle Dordi Strøm er også med på laget som scenograf.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Desse tre blir vårt profesjonelle team. I tillegg har Fritjof Urdal frå kunstmuseet hjelpt oss veldig med å finne fram historisk materiale. Det som er spennande er at Urdal også skriv eigne tekstar basert på dette materialet som gjer at vi får biletleg gjort historia, fortel Berntzen.
– Kjempespenstig
Den visuelle og musikale ideen i Bremanger haustar lovord frå juryen, beståande av Hilde Bjørkum, Pål Fidjestøl (leiar), Edvin Helgheim og Kristin Sandal.
Spesielt tanken på å spele på lag med naturen og miljøet i og rundt Grotlesanden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det at arrangøren verkeleg vil bruk naturen som ramme og dreg det så sterkt inn i konseptet tykkjer vi er kjempespenstig. Det kan bli flott med den dramatiske naturen som er der, og den nydelege naturen. Eg tykkjer veldig flott tanke å vere så integrert med naturen som dei er, seier Bjørkum.
– Heilt rett
Fidjestøl meiner gjengen har tenkt heilt rett som dei har gjort, medan Helgheim rosar arrangøren for å tenkje profesjonelt når dei koplar inn teatermiljøet i Fjaler.
Sandal er på si side spent på korleis dei har tenkt å takle dei vêrmessige utfordringane som kan vere ute ved havet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det er veldig ambisiøst og legg opp til høg standard på det som skal presenterast og måten det skal presenterast på. Eg er spent på korleis dei har tenkt å løyse dei reint tekniske tinga og økonomiske utfordringane, legg Fidjestøl til.
På lag med naturen
– Vêret ser vi på som ein aktør i spelet. Vi spelar på lag med naturkreftene, og er det ein del vind, så er det ein del av vår historie, seier Øvrebotten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
No skal manus skrivast og dei skal sjå nærare på den økonomiske biten av teateret. Berntzen seier dei har bulystmidlar i botn, og kommunen i ryggen. I tillegg vil dei hente sponsormidlar og søkjer midlar andre stadar.
Mykje å bruke pengar på
– Vi har mellom anna tenkt på 3D-mapping og å bruke hornet Desibel til å spele på lag med fjella i høve lydeffektar. Det vil krevje litt økonomisk, seier ho.
– Nok kan 100.000 kroner bli dykkar. Korleis vil de bruke pengane?
– Det er mykje å bruke det på. Veldig mykje skal på plass. Mykje kulissar skal snikrast, teknologi og kostyme. Vi skal ikkje få problem å bruke pengane.