NRK Meny
Normal

Kva er langfredag?

Langfredag er i kristen tradisjon den dagen Jesus døydde på korset.

Påskevandring i Førde kyrkje

LANGFREDAG: Kateket Heidi Voltersvik Styve i Førde kyrkje fortel barnehageborn om kva som skjedde langfredag.

Erling Nydal

LANGFREDAG: Ungdomsprest Erling Nydal i Førde kyrkje gir oss forklaringa på det som skjedde denne dagen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ungdomsprest Erling Nydal i Førde kyrkje fortel at Jesus blei arrestert tidleg om morgon denne fredagen. Men kvifor snur stemninga så fort? For søndagen blei han hylla som ein konge.

– Folket var nok litt skuffa og dette utnytta leiarane. Dei klarte å vende folket mot han. Det var feige triks dei brukte for å rive han ned frå trona.

– Kvifor blei dagen kalla langfredag?

– Det er nok med at hendingane byrja før sola stod opp og varte heile dagen, seier Nydal.

Detalj frå altertavla i Førde kyrkje

I GRAVA: Jesus blir lagt i grava fredag ettermiddag, før sabbaten startar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dramatikk og svik

Skjærtorsdag, etter det siste måltidet med læresveinane, blir Jesus svikta av Judas. Han blir arrestert og tiltalt for å ha spotta Gud.

– Den oppkonstruerte rettssaka startar tidleg den dagen.Det blei sagt at han ville rive tempelet. drive opprør og han blir skulda for å føre folk på ville vegar. Sjefen, ypparstepresten, seier det er betre for folket at ein mann døyr, enn at heile folket går under.

Nydal fortel at Jesus blir ført til Pontius Pilates, som ikkje ville ha noko med dette å gjere.

– Han seier at dei må ordne opp sjølv, men han krossfestar han som Jesus frå Nasaret, jødenes konge. Det er mykje dramatikk, svik og fornekting. Det er ein veldig tung dag.

– Ein forferdeleg måte å døy på

Det er berre romarane som kan henrette. Det låg til Keisaren å utstade dødsdommar.

– Rettstaten Roma dømer ein uskuldig mann, Pontius Pilatus blir huska for det så lenge truvedkjenninga blir sagt i ei gudsteneste, «pint under Pontius Pilatus;» Han håpte på folkets medynkt med Jesus, spelte høgt, og tapte. Pilatus vaskar hendene sine som teikn på uskuld. Han blir for all ettertid symbolet på feighet og unlatenhet. Det er eit justismord som skjer. Rettstaten Roma har tapt.

– Han blir hengt mellom to røvarar. Det tek ikkje mange timane før han døyr, utmatta av tortur. Krossfesting var ein frykteleg måte å døy på.

Han blir lagt i grava på ettermiddagen. Dei sjekkar at han er død ved å stikke spyd i sida hans.

– Det går mot sabbat og dei må få han i grava før klokka 17. Han er nok ustelt som lik og blir truleg berre tylla in i klede og lagt i grava. Her blir han liggande under sabbaten, altså laurdagen, for då kan ikkje stelle dei døde, seier Nydal.

Dei rulla steinen foran grava og den blir forsegla med det keisarlege seglet.

– For dei religiøse leiarane er redd for at læresveinane skal stjele han og proklamere at han er stått opp frå dei døde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.