NRK Meny

Kva skjedde 1. påskedag?

Påskedag er i kristen tradisjon den dagen Jesus stod opp att etter å ha vore død.

Påskevandring i Førde kyrkje

PÅSKEDAG: Dette er ein festdag i den norske kyrkje. Her er barnehageborn påskevandring Førde kyrkje saman med kateket Heidi Styve Voltersvik.

Erling Nydal

1. PÅSKEDAG: Erling Nydal seier at det at Jesus stod opp, gav folket ei enorm livsglede.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

«Påskemorgon slukker sorgen» heiter det i ein kjend salme. For kristne er denne dagen ein gledas dag i den viktigaste høgtida.

Ungdomsprest Erling Nydal forklarar kva som skjedde 1. påskedag.

– Jesus blei lagt i grava før sabbaten starta langfredag. Då var han ustelt. Søndag morgon går nokre kvinner til grava for å stelle han. Då er steinen trilla vekk og grava er tom, seier han.

I Bibelen står det om Maria som gret ved grava og ho spør ein gartnar om det er han som har flytta han?

– Gjennom tårene kjenner ho ikkje personen, men når han seier namnet hennar tørkar ho tårene og ser det er Jesus. «Gå og fortel at eg er stått opp slik eg sa.» Maria trur og ho spring til læresveinane og trua på oppstandelsen er i gang. Men det er fleire som tvilar, mellom anna den eine læresveinen Thomas som ikkje trur før Jesus kjem til han og læresveinane og Thomas får ta på såra til Jesus.

– Men det er kanskje forståeleg at mange tvilte?

– Ja, det ville vi vel alle ha gjort, men Thomas trudde då Jesus viste seg for han. Kvinnene og mennene som hadde følgt Jesus trudde. Døden hadde tapt og det gav dei ei enorm livsglede, håp og frimodighet. Påskeforteljinga har ei enorm kraft i seg. Dødskreftene har møtt sin overmann i Jesus. Tap var vendt til siger, fortel Nydal.

– Men kva med 2. påskedag. Er det noko spesielt med den dagen?

– Nei, den handlar mest om at helgefreden skulle vare ekstra lenge denne helga, slik som med 2. juledag og 2. pinsedag. Det er dei tre store høgtidene i kristendommen, som blir markert ekstra i Norge, seier Nydal.

Førde kyrkje

GLEDAS DAG: I kristendommen er 1. påskedag ein festdag. Denne dagen er det høgtidsgudsteneste i Førde kyrkje og mange andre kyrkjer i Norge.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.