NRK Meny
Normal

Difor flyttar påska seg frå år til år

Medan jula alltid er på dei same datoane, vil påskedagane variere. Her får du svaret på kvifor det er slik.

Altertavla i Førde kyrkje

PÅSKEMOTIV: Altertavla i Førde kyrkje har mange motiv frå påska.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Erling Nydal

UNGDOMSPREST: Erling Nydal jobbar med ungdom i Førde kyrkje.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Nokre år er påska så tidleg at det framleis er vinter mange stader. Andre år er påska så sein at folk legg vekk skia og heller satsar på hagearbeid og båtpuss.

Høgtida påske blir feira til minne om Jesus sin siste nattverd, krossfesting, død og at han stod opp att. Påska, som blir kalla den stille veka, er ei av dei tre store kristne høgtidene, saman med jul og pinse.

Men kvifor er det slik at påska hamnar på ulike datoar, men same vekedagar?

Flyttar seg etter månen

Den jødiske påska «pesach» er ein minnefest over frigjeringa frå slaveriet i Egypt. Ungdomsprest Erling Nydal i Førde kyrkje seier at den kristne påsken først blei feira samstundes som den jødiske påska.

– På kyrkjemøtet i Nikea i 325 var det behov for at det måtte vere ein tydelegare regelmessigheit for den kristne påska. Dei sa: Først må det vere vårjamdøgn, så må det må vere fullmåne. Og første søndag etter fullmåne etter vårjamdøgn, blir 1. påskedag. Difor flyttar påsken seg etter månen.

Nydal seier han har fundert ein del på dette at påska flyttar på seg.

– Det er ganske finurleg, men kanskje er det bra at det er ei høgtid som ikkje er statisk, men dynamisk. Slik livet forandrar seg, slik forandrar tidspunktet for påska seg, seier han.

Dette betyr at påskedagen kan falle på 35 ulike datoar, ifølgje Wikipedia. 22. mars er den tidlegaste og 25. april er den seinaste datoen.

Førde kyrkje

FØRDE KYRKJE: Prest Erling Nydal kunne tenkt seg at fleire tok turen til kyrkja i påska.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kristi himmelfartsdag og pinse

Og ikkje nok med det. Også Kristi himmelfartsdag og pinse følgjer eit visst mønster.

– Kristi Himmelfartsdag kjem 40 dagar etter 1. påskedag og er alltid på ein torsdag. Like etter kjem pinsa som kjem av det greske ordet «pentekoste» som betyr 50. Så frå 1. påskedag til 1. pinsedag er det nøyaktig 50 dagar.

Og sidan påska i år er sein, blir det ikkje Kristi Himmelfartsdag før 25. mai og 1. pinsdag 4. juni.

Frå altertavla i Førde kyrkje

PÅ KORSET: Langfredag blei Jesus hengt på korset mellom to røvarar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Heilage dagar

Men først er det altså påske og etterlenga fri. Ungdomspresten i Førde ønskjer at fleire hadde teke turen i kyrkja desse dagane.

– Påska er viktig fordi den er grunnlaget for den kristne trua. Men for mange er det ei ekstra ferieveke på våren, og dermed er det mange som er vekkreiste. Men det er jo alltids ei kyrkje i nærleiken, smiler han.

I Norge er langfredag og 1. påskedag, i tillegg til 1. juledag og 1. nyttårsdag, rekna som så heilage at TV-kanalane ikkje får sende vanleg reklame mellom programma.

– Eg tykkjer det er flott at desse dagane blir verdsette som heilage. Vi er einige om at dei skal vere der, sjølv om ikkje alle er einige i innhaldet, seier Nydal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.