Hopp til innhold

Kva er palmesøndag?

No er påska i gang og mange nyt kanskje ein etterlengta ferie. Men kvifor feirar vi påske?

Påskevandring i Førde kyrkje

PALMESØNDAG: Dagen har fått namnet etter palmegreinene som blei nytta.

  • Denne saka blei først publisert i 2017, men er like relevant i dag
Erling Nydal

UNGDOMSPREST: Erling Nydal i Førde kyrkje

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er fleire dagar i påskeveka som har eigne namn og som er viktige i kristendommen. Palmesøndag er dagen då Jesus kom inn i Jerusalem.

Denne dagen innleiar påskeveka, som blir kalla «den stille veka».

Namnet palmesøndag kjem av at folk strødde palmegreiner då han kom ridande inn i Jerusalem.

– Dette hadde folket lest om i Det gamle testamentet, nemleg at kongen skulle komme ridande på eit esel inn i Jerusalem, Då skulle det nye riket starte, forklarar ungdomsprest Erling Nydal i Førde kyrkje.

– Ein kjendis og frigjerar

Då folk høyrde at kongen skulle komme, stimla dei saman. Dei ropte hosianna, som er hebraisk og betyr «kom med hjelp» eller «gi frelse».

– Det var ein kjendis og frigjerar på veg inn i byen. Det blei ropt Hosianna, Davids son! Folk vifta med palmegreiner og kasta kappene sine på bakken. Dei tek imot kongen den dagen, seier han.

– Sjølv om han kom utan krone og på eit esel?

– Ja, det blir nok spelt på profetiane der dei religiøse veit at han har på seg dei rette kleda. Han har teke det rette klesvalet og «køyredoning». Det var sterke symbol i bruk.

Førde kyrkje

PÅSKEVANDRING: Borna frå Viebøen barnehage i Førde var med på påskevandring i Førde kyrkje

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hendingsrike dagar

Måndag, tysdag og onsdag er kvardagar i påskeveka. Men ifølgje Bibelen skjedde det mykje desse dagane også.

– Det var dagar då det skjer ting i tempelet. Måndagen reiste Jesus for å reinse det. Han kallar tempelet ei røvarhole, for han er lei av korrupsjonen som er mellom leiarane av jødefolket.

Nydal seier at på tysdagen underviste Jesus om Guds rike og læra hans i tempelet.

– Onsdag blir han salva av Maria. Om det er ei kongesalving eller ei salving til dødsdagen hans er ikkje godt å seie, seier Nydal.