Hopp til innhold

Kupen klar for eliteserieklubb: – Tida i Florø har betydd alt

Florø sin toppscorar, Endre Kupen, er klar for Bodø/Glimt og neste sesong skal han spele i eliteserien.

Endre Kupen klar for Bodø/Glimt

Endre Kupen i Bodø/Glimt-drakt.

Foto: Niklas Aune Johnsen / Bodø/Glimt

Det melder Bodø/Glimt på sine heimesider. Før helga kom det fram at Kupen har vore på prøvespel i Bodø, og no er altså overgangen stadfesta av klubben og spelaren sjølv.

– Dette er ein draum som går i oppfylling. Heilt sidan eg valde å satsa på fotball har eg sagt at eg skal nå lengst mogeleg, seier 27-åringen til NRK.

Kupen noterte seg for 14 scoringar i årets førstedivisjon for Florø og vart med det klubbens toppscorar. I Bodø/Glimt vert han lagkamerat med Kristian Fardal Opseth frå Kaupanger, som sette ny scoringsrekord i førstedivisjon denne sesongen med sine 28 mål.

Måtte ta sjansen

Kupen spelte for Tornado Måløy i tredjedivisjon, før han tok turen til Florø i 2015 og andredivisjonsspel i 2015. Der har han banka inn drøssevis med mål, både i andre- og førstedivisjon.

Neste år tar han endå eit steg opp.

– Eg måtte ta denne sjansen. Eg er 27 år og det er ikkje sikkert den hadde kome igjen, seier Kupen, som flytter nordover heilt i byrjinga av januar.

– Det vert ei travel førjulstid, humrar han.

Men han vedgår at det vert vemodig å forlata Florø.

– Tida i Florø har betydd alt for at eg får denne sjansen. Takk til Terje. Det vert leit å forlata klubben for det er ein kjempefin kompisgjeng, men eg måtte berre ta sjansen, seier Kupen.

Ønsker lykke til

Florø-trenar Terje Rognsø har visst om at Kupen flytter nordover sidan før helga.

– Det er kjempekjekt for han, men det gjev oss sjølvsagt nokre utfordringar. Ein spelar som han er ikkje lett å erstatta, seier Rognsø.

Terje Rognsø og Endre Kupen

UTFORDRING: Men Endre Kupen (t.v.) vekke har Florø-trenar Terje Rognsø (t.h.) ei utfordring i å henta ein erstattar på spissplassen.

Foto: Truls Kleiven

Han er spent på om stjernespissen klarar å ta endå eit steg, slik han har gjort heilt sidan han kom til Florø i andredivisjon.

– Eg hadde ikkje trudd at han skulle ta steg så fort. Eg såg nok i han, men han har utvikla seg enormt fort. Det er uvanleg for ein spelar på hans alder, seier Rognsø.

Klubbane har ikkje gått ut med kva overgangssummen er, men Rognsø seier det er blant dei største overgangane Florø har hatt opp gjennom åra.