Hopp til innhold

Kulde og formangel driv hjorten inn i fjøset på matjakt

Den knallharde vinteren og mangel på for gjer at hjorten er så desperat etter mat at den kjem heilt inn i fjøset til sauebonden i Sogn.

Hjorten kom seg inn i fjøset

BRAUT SEG INN: Hjorten trossa hindringane og kom seg inn i fjøset for å ete maten til sauene.

Foto: Johannes Eggen Mundal

– Han går inn forrommet til sauene, og der et han av rundballane, fortel sauebonde Johannes Eggen Mundal i Fjærland.

Det er ikkje første gongen hjorten har gått in og stole frå rundballane i fjøset. For nokon år sidan la han også att geviret sitt.

– Men om kveldane kan det stå seks kronhjortar som er heilt nede i tunet, og et av restforet til sauene, fortel Mundal.

Mundal tykkjer det kan vere plagsamt å ha hjorten luskande rundt på garden.

– Det er jo fine dyr, men i vinter har dei jo klatra over høge hinder, klatra over traktorhjul og bulka traktoren min, seier Mundal.

Mundal har sett opp eit gjerde rund rundballane ute som fungerer. Gjerde er over to meter høgt, har netting nede og straum over nettingen. Hjorten kjem aldri innanfor dette gjerdet.

Eggen Mundal har fortalt om det spesielle hjortebesøket på bloggen sin

Hjort i fjøset

TAMM HJORT: Han er ikkje redd for å kome på besøk til folk.

Foto: Johannes Eggen Mundal

Hard vinter for hjorten

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter seier at mykje snø og låge temperaturar tvingar hjorten ned på gardane.

– Det er grunn til å forvente auka naturleg dødelegheit blant hjorten i vinter, fortel Solheim.

Fôring av hjorten er eit tiltak som kunne vore sett i gong, men det er forbod mot dette på grunn av fare for skrantesjuka.

Trur vinterbeite er øydelagt

Mundal trur ikkje at det først og fremst er ein streng vinter som gjer at hjorten trekkjer ned.

– Denne hjorten og eit par andre har vore nær dei siste åra uansett kva gode forholda har vore ute i skogen, fortel Mundal.

Mundal fortel at det har vore mykje hjort i heile området over lengre tid.

– Dette har gjort at vinterbeita i skogen har vorte øydelagde elle har vorte oppbrukte, seier han.

Mundal har sett at hjorten gneg av borken på gråor.

– Borken frå gråor er det ikkje nokon beitedyr som likar, seier han.

Han forklarer dette med at hjorten ikkje lenger kan finne rogn, alm og selje.

– Det er ikkje vitsen å jage dei. Dei er så tamme at dei kjem att uansett, fortel Mundal.