Hopp til innhold

Svoltne hjortar forsyner seg av rundballane til bøndene

I løpet av nokre få netter har svoltne hjortar gnege hol på 12 av rundballane til bonde Rune Årdal i Jølster.

Rundballar

VART FOR FREISTANDE: Svoltne hjortar har ikkje klart å halde seg unna rundballane til Rune Årdal i Jølster.

Foto: Rune Årdal

– Dei har starta opp med å smake litt på fleire, og etter kvart som rykte går så kjem det ein heil flokk til, seier Årdal.

Årdal seier det er tydleg at dei store snømengdene i år gjer at hjorten slit med å skaffe seg mat, og difor trekker mot rundballane som bøndene har liggande ute.

– Det var til og med ein som hadde ei trillebår med ved ståande ute, der hadde hjorten vore og ete barken av kubbane, seier Årdal.

Stort problem

– Eg veit om bønder som no har vore og kjøpt seg bygg-gjerde, som dei har sett opp rundt rundballane, seier Årdal.

Bonden frå Jølster seier han ikkje har opplevd så store problem tidlegare. Han reknar med at rundballane som hjorten har forsynt seg av vert øydelagde, dersom han ikkje får brukt dei opp før det vert mildt igjen.

– Så lenge det er kaldt er det ikkje noko problem, men så fort det vert mildt og rundballane tinar så kjem dei til å verte øydelagde.

Både likar og mislikar hjorten

Då Årdal nyleg lufta frustrasjonen sin på Facebook over skadane hjorten hadde gjort skreiv han blant anna: Sjølv med hjorteløyve så meiner eg hjorten er noko her!

– Det er to bilete her. På eine sida har vi hjorteløyve og vil ha hjortekjøt, men ein har litt problem med å velje mellom hjort og husdyra ein har. Det er litt kjedeleg å oppleve det som vi gjer no, seier Årdal.

Over heile kommune

– Vi har blitt kontakta av folk frå heile kommunen. Det er ikkje berre i ei grend, det er problem med hjort i heile kommunen, seier Geir Støfring, som er leiar bondelaget i Jølster.

Han seier bondelaget no vil ta opp med kommunen om hjortestammen i Jølster igjen er i ferd med å verte for stor.

– Vi vil undersøke om dette er noko vi skal jobbe vidare med.

– Betyr det at ein kanskje bør skyte litt meir hjort i Jølster i samband med jakta til hausten?

– Det kan hende at når vi tel opp det vi ser, og det vi jakter på, at vi ynskjer å skyte litt meir hjort. Både unge og gamle dyr, seier Støfring.

Uroa for smitte

Når så mykje hjort trekker saman for å beite på rundballar og innmark gir det grunn til uro av fleire grunnar.

– I desse tider med skrantesjuke så ynskjer vi ikkje at det samlar seg for store flokkar med hjort, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad.

Sjølv om smittefaren er størst i kommunane rundt Nordfjella, der ein no er i gang med å slakte ned heile villreinstammen etter at det var påvist skrantesjuke på rein i området, meiner Mjelstad det er grunn til å vise aktsemd også i andre deler av fylket. Til bønder som har fått problem med nærgåande hjort er det berre eit råd.

– Det er å sette opp gjerde rundt rundballane slik at hjorten ikkje kjem til, seier Mjelstad.