NRK Meny
Normal

Kryr av tomme næringslokale, men det er feil bygg på feil stad, meiner innovasjonssjef

Store fabrikklokale, eit tidlegare høgskulebygg, lagerhallar, hotell og kontorlokale. Alt dette står ledig i Sogn og Fjordane. Innovasjon Norge-sjefen fryktar det blir vanskeleg å skape den næringa fylket treng i dei.

Fleire store næringsbygg er til leige eller til slas i Sogn og Fjordane.

TOMME: Totalt står over 30 000 kvadratmeter med næringsbygg til sals eller leige i Sogn og Fjordane. Mange er feil lokale på feil stad, meiner direktør i Innovasjon Norge.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Vidar Gudvangen/Erlend Blaalid Oldeide/ / NRK

– Der vi håpar på vekst fyrst og fremst, og nye arbeidsplassar, er innanfor kunnskapsbasert tenesteyting. Dei søkjer meir mot miljø og nettverk som allereie er i fylket enn tomme lokale, seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.

Han har som oppgåve å skape innovasjon og nye arbeidsplassar i fylket. Å få ny næring på plass i dei 30 550 kvadratmeterane med næringslokale som er til sals og leige rundt om i fylket er ikkje gjort i ein fei. Flatland fryktar mange av bygga er feil lokale på feil stad.

Halvor Flatland

NÆRINGSUTVIKLING: Fylkesdirektør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, trur det blir vanskeleg å fylle dei tomme lokala med ny og verdiskapande aktivitet.

– Nokon av desse store lokala som ligg ledig er krevjande å få fylt. Det vil i stor del handle om nye industribedrifter og nye produksjonsbedrifter. Det er ikkje kø av dei for augeblikket, seier Flatland.

Har du bruk for stor plass, er det også på leigemarknaden er det ei rekkje lokale å velje mellom. Den tidlegare Dooria-fabrikken i Årdal på 7400 kvadratmeter, det splitter nye fabrikkbygget på Tronvik i Høyanger på 3385 kvadratmeter, leiger eigedomsselskapet Siva villig ut. Mundal hotel i Fjærland og fleire kontorlokale i Førde kan ein også få tak i.

Hotel Mundal

TIL LEIGE: Hotel Mundal i Fjærland er også til leige, saman med industrilokale i Årdal og Høyanger og fleire kontorlokale i Førde.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

Samstundes opplever andre næringsområde å vere særs attraktive. På Campus i Sogndal er det fylt til randa av verksemder.

– Eit innovasjonssenter er under planlegging der, men det er klart, dei kan ikkje ta i bruk lageret til Lerum i Lærdal for å utvide, dei må gjere det i det miljøet som er der.

Tek tid å selje

På lista over bygg som er til sals finn ein mellom anna eit stort lageranlegg i Lærdal, eit høgskulebygg på Sandane, eit pensjonat i Sogndal og forretningsbygg i Florø, Årdal og Loen.

– Den har vore avgrensa, med det er jo interesse då. På store ting må ein ofte jobbe ei stund, seier Kenneth Bjørk i Aktiv Eigedomsmekling, som har fått i oppdrag å selje lageranlegget til Lerum i Lærdal.

Bygget er på over 5000 kvadratmeter og har ein prislapp på 20 millionar kroner. Halvparten av bygget blir i dag leigd ut til Felleskjøpet og Lærdal grønt. Ein eventuell kjøpar er dermed sikra inntekter på bygget.

På Sandane håpar meklaren som har ansvar for å selje høgskulebygget på Mardal å snart vere i mål. Prislappen på bygget 9.5 millionar kroner.

– Vi har hatt visning for større aktørar som er seriøst interesserte. No forventar vi eit sal i løpet av mars, seier Jan Erik Mardal.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen