Ny fabrikk let vente på seg

Oppstart av brenselcellefabrikk på Kyrkjebø let venta på seg. Ordføraren ønskjer andre verksemder inn i dei nye fabrikklokala medan han ventar.

Nordic 3

TOMT: Det er tomt på parkeringsplassen utanfor dei nye fabrikklokala til NPS i Kyrkjebø

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dei innrømmer at dei brukar lengre tid enn berekna, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), om selskapet Nordic Power System.

August

Petter Sortland

IKKJE UROA: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), er ikkje uroa sjølv om planane er forsinka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Planen var at selskapet Nordic Power System (NPS) skulle starte opp produksjon no i august i dei nybygde fabrikklokala på Kyrkjebø.

Firmaet ynskjer å starte ein fabrikk for ein ny type brenselceller for motorar. Den nye teknologien er eigenutvikla av gruppa bak selskapet som er mykje dei same som står bak den norske El-bilen ”Think”.

Det har vore antyda kring hundre nye arbeidsplassar på sikt, men selskapet er framleis ikkje klar med eit produkt som kan setjast i produksjon, skriv avisa Ytre Sogn.

Ikkje uroa

– Eg kunne gjerne tenkt dei hadde komme på plass, det skal eg innrømma, seier Sortland.

Men ordføraren er likevel ikkje redd for at fabrikkplanane skal stranda.

– Eigentleg ikkje. Dei som jobbar med næringsutvikling, innovasjon og nyskaping veit at ting tek lenger tid enn ein trur og er dyrare enn ein trur. Dei driv med eit verdspatent, og det er ingen andre som kan hjelpa dei eller gi dei gode råd, og dei er heilt avhengig av sin eigen produktutvikling.

Positiv til fleire bedrifter

Lokala på Kyrkjebø har 3500 kvadratmeter golvflate, og sidan NPS dryger før dei tek dette i bruk, er Sortland i marknaden for å få inn andre leigetakarar

– At det kan bli fleire bedrifter i eit næringsbygg er eg positiv til.

Men Sortland understrekar at brenselcellefabrikken rykkjer stadig nærare.

– Eg håpar at det snakk om få månader i staden for år framover i tid.