Hopp til innhold

Skulle gi opp mot 100 arbeidsplassar: No har det gått frå fire tilsette til éin.

2011: Dei rekna med å starte produksjonen med med kring 20 tilsette, for så å auke til 60-80. 2013: Dei veit ikkje når produksjonen kan starte, og har sagt opp tre av dei fire tilsette.

Nordic 3

NESTEN TOMT: Etter nyttår vil det gå frå fire til ein tilsett i den 3500 kvadramtmeter store bygningen på Kyrkjebø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I fabrikken på Kyrkjebø skulle Cool Flame Technologies produsere brenselceller til motorar, basert på ny teknologi. Det har vore snakk om 20-30 arbeidsplassar frå starten, og rundt 80 tilsette etter kvart.

– Status er at tre av dei fire på Kyrkjebø sluttar. Dei har jobb ut året, seier administrerande direktør Dag Øverbø i Cool Flame Technologies til NRK.no.

Opphaveleg skulle bygge vere klart og produksjonen starte i 2010. Fyrst i 2012 stod fabrikken klar. I dag, hausten 2013, er produksjonen enno ikkje starta.

– Det er fordi det tek tid å kome i marknaden. Vi jobbar med motorprodusentar og andre som vi kan komme i marknaden med. Dette tek tid, og vi er nøydd til å nedbemanne for å gi oss noko meir tid, seier Øvrebø.

NRK ynskte å snakke med dei tre som framleis er på fabrikken på Kyrkjebø resten av året, men leiinga i selskapet ville ikkje det. Øvrebø fortalde oss at dei har ein jobb å gjere, og må fokusere på det.

Kan vere aktuelt å leggje ned

Cool Flame Technologies er avhengige av investeringar for å få i gang produksjonen i den 3500 kvadratmeter store fabrikken på Kyrkjebø.

– Vi er helt avhengige av å få inn meir pengar, fordi vi ikkje er i marknaden og sel produkter og tener pengar. Vi fekk på plass ein emisjon i fjor, med den kanadiske investoren North Water, seier Øvrebø.

Selskapet har no ingen tidshorisont for kva tid produksjonen kan starte.

– Vi prøver å få dei midla til å strekkje så langt som mogeleg, slik at vi kan komme i marknaden og byrje produksjon. Men det er ikkje mogeleg å sei når dette kan skje, seier Øvrebø

– Kan det vere aktuelt å leggje ned heilt på Kyrkjebø?

– Det er klart. Går vi tom for pengar må vi gjere det. Det er ein realitet som vi jobbar med heile tida, seier han.

Vurderer alternativ utnytting av bygget.

Ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland, er skuffa over oppseiingane.

– Ja, eg er skuffa. Det har vore meir kostbart enn ein hadde sett for seg. Når eit selskap berre har utgiftssider, og ikkje har inntekter gjennom sal av eit produkt, må ein kutte kostnadar mest mogleg. Og i dette tilfellet går ein altså til skrittet å sei opp folk. Og det er trist. Fyrst og fremst for dei det gjeld, men også for Høyanger kommune og dei forventningane vi har hatt til prosjektet, seier Sortland.

Ordføraren fortel at fabrikken ikkje treng stå tom om Cool Flame Technologies må legge ned på Kyrkjebø.

– Avtalen Cool Flame Technologies har med SIVA, er at dei må vike plass om SIVA eller andre samarbeidspartnarar finn ein alternativ leigetakar, seier han.

Han kan også røpe at kommunen no ser på ei slik løysing.

– Det er kontakt mellom Høyanger kommune og SIVA med det formål å sjå om ein kan finne alternativ utnytting av bygget. Så eg går ut ifrå at dess lenger dette går, dess meir trykk vil det bli sett på av begge partar på å finne alternative bruksområde for bygget, også utleige. Det ligg vel litt i korta, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Sortland

VURDERER ALTERNATIV: Ordførar Petter Sortland seier at Høyanger kommune og SIVA no vurderer andre leigetakarar.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Sortland har framleis tru på prosjektet.

– Ja, heilt klart. Det har eg. Eksterne investorar både i inn- og utlandet har spytta inn pengar i dette prosjektet, og gjer det enno. For kvar krone det offentlege har brukt, har private gitt tre. Så vi håpar på gladnyhende snart, seier Sortland.

Kommunen vil ikkje investere meir.

– På noverande tidspunkt er det ikkje aktuelt. Vi har gått inn med 10 millionar til veg og avløp, og har heller ikkje blitt spurt om meir. Det er ei uaktuell problemstilling akkurat no, seier ordføraren.

Ordføraren innrømmer i dag at bygget vart sett opp for tidleg.

– Etterpåklokskap er ei veldig grei øving når det gjeld omstilling, nyetablering, nyskaping. Hadde ein visst det ein hadde visste i dag, skulle sjølvsagt bygget ikkje ha vorte bygd enno. Det har blitt bygd for tidleg. Det må vi ærleg innrømme. Vi håpar og trur at dei som jobbar dag og natt for dette skal lykkast ein gong i framtida, seier han.