Hopp til innhold

Krev sentrale funksjonar til Florø

Florø vil ha sentrale funksjonar i ein framtidig storkommune i Sunnfjord lagt til kystbyen.

Bengt Solheim Olsen

KREV MEIR TIL FLORA: Floraordførar Bengt Solheim-Olsen (H)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dersom det skal vere noko moglegheit for at bystyret og folket i Flora skal gå inn for ei kommunesamanslåing, så mål fordelane for Flora vere svært store, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Planen er at den nye storkommunen skal innehalde dagens Askvoll, Flora, Førde, Fjaler, Gaular, Gloppen, Hyllestad, Jølster og Naustdal.

Semje om Førde som senter

Forutan Florø er dei åtte andre kommunane samde om i at Førde må vere kommunesenteret i ein framtidig storkommune. Det sit likevel veldig langt inne for Florø å godta at Førde skal vere kommunesenteret med dei sentrale funksjonane og alle etatssjefane.

Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda

FØRDE ER SENTERET: jørgen Amdam er professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Men slik må det vere, seier Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda.

– Det vil vere problematisk om ein byrjar å plasserer etatssjefar rundt om kring. Etatssjefar bør sitte tett på den politiske og administrative leiinga. Skal du drive med god leiing så må du ha direkte personkontakt, det er ikkje nok med berre video- og telefonkonferansar, seier Amdam.

– Flora må få viktige funksjonar

Solheim Olsen er likevel krystallklar på at kystbyen må få fleire viktige funksjonar skal det kunne bli fleirtal for ein storkommune i Flora.

– Kor stor magnet kan ein slik ny storkommune bli? Det er moglegheita å hente nye oppgåver frå sentral og regional stat og fylkeskommunen som kan gi vekst i heile regionen. Då må Flora ha ein sentral plass i denne tenkinga.

– Tenker du deg då at fleire etatar og administrasjon bør leggast til Florø?

– Ja, dette er ein del av dei momenta som vi forhandlar om, seier Solheim Olsen.

– Men vil det ikkje vere vanskeleg og tungvindt å ha eit kommunesenter i Førde og langt på veg også eit kommunesenter i Flora?

– Jo, men alle ting ved dette er vanskeleg.

Kan få plankontor

Professor Amdam peikar på at også kommunikasjonane er til Førde sin fordel.

– Det som er utfordringa er at i ein slik storkommune så er det Førde som er kommunikasjonssenter, og dermed har naturlege fordeler lokaliseringsmessig, seier Amdam.

Samstundes slår han fast at Florø kan få til dømes følgjande funksjonar.

– Det er ingenting i vegen for at du har eit plankontor i Florø, som har ansvar for planlegging av heile området, eller til dømes den praktiske leiinga av barnevern.

Nye forhandlingar

Allereie komande fredag skal representantar frå dei ni kommunane møtast til nye forhandlingar. Ordførar i Førde Olve Grotle ønskjer ikkje å kommentere saka. Solheim-Olsen slår på si side fast at Flora også vurderer ein annan modell, der det blir føreslått samanslåing av fleire kystkommunar. Ei løysing der Florø etter alt å døme vil bli kommunesenteret.

– Flora har vore opne på at vi på ein måte rir to hestar i kommunereformprosjektet, og vi jobbar vidare med å få på plass eit alternativ med ein kystkommune, seier Solheim Olsen.