Hopp til innhold

Skipar folkeaksjon for å få sjukebilen tilbake til kommunen

Balestrand kommune gjer ikkje opp håpet om å få ambulansen tilbake til kommunen. I tillegg til at dei ber styret i Helse Førde om å ta opp saka, skipar innbyggjarar til folkeaksjon.

Skipar folkeaksjon for å få tilbake ambulanse

FOLKEAKSJON: Erland Fagermoen leiar arbeidsgruppa som skal få på plass fakta om korleis erfaringane med ambulansehjelp frå Høyanger har fungert det halve året ordninga har vore på plass.

Foto: NRK

– Vi kan ikkje akseptere tilbodet slik det er no. Vi må finne meir fakta i saka og kontakte styret i Helse Førde og forklare dei realitetane, for det er dei som avgjer, seier leiar for arbeidsgruppa som er sett ned av innbyggjarar i Balestrand, Erland Fagermoen.

Sidan september, i nærare eit halvt år har kommunen i Sogn vore utan eigen ambulanse. Skulle nokon bli sjuke, skade seg i eit trafikkuhell eller på annan måte ha behov for sjukebil, er det personell og bil frå nabokommunen Høyanger som blir kalla opp. Det er ordførar i kommunen lite nøgd med.

– Det er spesielt responstida vi er uroa over. Vi meiner den vil vere 40 minuttar eller meir, og ikkje ein halvtime som Fylkeslegen har skissert, seier ordførar Harald Offerdal.

Harald Offerdal

KREV ENDRING: Berre eit ambulansetilbod med ein sjukebil stasjonert i kommunen er godt nok for ordførar Harald offerdal i Balestrand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Er vurdert som ei akseptabel løysing

Kritikken mot tenesteløysinga har vore krass, noko som gjerda at Fylkeslegen også kopla seg på saka og så nærare på tilbodet som Helse Førde leverer. I slutten av februar kom han med sin konklusjon.

– Det er slik at responstida for ambulansen vil gå opp. Balestrendingane har allereie mista ambulansen sin og blir betjent frå Høyanger. Vi har vurdert at responstida er innan det som er akseptabelt, sa fylkeslege Per Stensland til NRK då.

Han gjorde det også klart overfor Helse Førde at helseføretaket må gjere fortløpande analysar av ambulansesituasjonen i dei to kommunane, og dokumentere at tilbodet er forsvarleg.

Vil skaffe oversikt over situasjonen

Folkeaksjonen ynskjer også å sjå nærare på erfaringane så langt.

– Vi må få oversikt over faktiske tilfelle der det har vore nødvendig med ambulanse og kort responstid, og samanlikne desse med korleis det var når vi hadde fast ambulanse i kommunen, fortel Fagermoen.

Dei satsar på å skipe til eit folkemøte for alle interesserte i byrjinga av april.

– Vi må sjekke engasjementet no og sjå kva oppslutnad vi kan få. Men, alle eg snakkar med er opprørte over ordninga slik den er no, seier Fagermoen.

I det justerte tenestetilbodet frå Helse Førde, som Fylkeslegen har sagt at er forsvarleg, kjem det også fram at ved ras og varsel om ekstremvêr skal ambulanseressursar flyttast over til Balestrand.

Skal vurdere ambulansetenesta i heile fylket

Etter Fylkeslegen sin konklusjon er tilsynssaka avslutta, og då meiner ordførarane i Balestrand og Høyanger at saka må vidare opp i styret til Helse Førde. Dei har no sendt brev til styret i helseføretaket.

– Eg har ikkje sett brevet, og kan ikkje kommentere det. Vi i styret har bedt om ei sak der vi skal sjå på ambulansetenesta i fylket, og då er det naturleg å sjå på Balestrand og Høyanger også, seier styreleiar Jorunn Ringstad.

Ho veit ikkje kva tid styresaka er klar. At Fylkeslegen allereie har vore inne i saka har ho og resten av styret merka seg.

– Det har vi registrert, og det vil vere eit innspel i den store saka om ambulansetenesta, seier Ringstad.

Ho kan ikkje seie noko om kva styret vil meine i saka, men for ordføraren er berre eit svar godt nok.

– Vi forventar at dei ser på saka på nytt og at vi får ambulansen tilbake til Balestrand, seier Offerdal.