Hopp til innhold

Fylkeslegen godtek ambulanseløysinga for Balestrand

Fylkeslegen godtek Helse Førde si nye løysing for ambulansesituasjonen i Balestrand. Samstundes får helseføretaket krav om sjølve å dokumentere at tilbodet er forsvarleg.

Ambulanse i Balestrand

AKSEPTABELT: Fylkeslegen meiner Helse Førde sine planar for ambulansetenesta i Balestrand er akseptabel.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er klart etter at fylkeslegen på nytt har vurdert ambulansetilbodet i Balestrand.

Kommunen har sidan 31. august i fjor vore utan ambulanse, og fylkeslege Per Stensland har tidlegare konkludert med at tilbodet ikkje har vore forsvarleg .

– Dei har kome opp med ei ny løysing, og den meiner vi er forsvarleg. Tilbodet blir betre enn den er i dag, seier Stensland.

Skuffa ordførar

Helseføretaket vil styrke ambulansestasjonen i Høyanger med ein deldøgnambulanse og erstatte heimevakta i helgane med ei døgnvakt på stasjonen.

Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ved ras og varsel om ekstremvêr flyttar helseføretaket ambulanseressursar til Balestrand-området. Føretaket meiner at dette vil redusere risiko for samstundeskonflikt på dagtid og gi tilgang på ein tilleggsressurs som nyttast også på kveld og helg.

– Eg er veldig skuffa, og for meg er det uforståeleg at fylkesmannen kan konkludere slik han gjer. For det første er responstida for lang, seier ordførar i Balestrand, Harald Offerdal (Ap).

Framme innan 30 minuttar

Ordføraren har så vidt fått sett konklusjonen i tilsynssaka. Fylkesmannen legg til grunn at ambulansesestasjonen i Høyanger vil rekkje dei fleste innbyggjarane i Balestrand innan 30 minuttar ved akuttoppdrag.

Ambulansen har ingen faste reglar for responstid.

– Vi meiner at det dei tilbyr ikkje er godt nok i høve til responstid. Vi har hatt fleire døme der dei har vore for seint ute med ambulansen. Vi gir oss ikkje, seier Offerdal og meiner kommunen bør ha sin eigen ambulanse.

– Responstida vil gå opp

Fylkesmannen legg til grunn at skiftande vêr- og føreforhold kan påverke køyretida. Føretaket legg inn i planane sine å flytte ambulanseressursar over til Balestrand-området ved ras og varsel om ekstremvêr.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FYLKESLEGE: Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Helseføretaket planlegg å etablere ordninga frå 15. august i år. Heller ikkje den mellombelse løysinga blir vurdert som uforsvarleg.

– Det er slik at responstida for ambulansen vil gå opp. Balestrendingane har allereie mista ambulansen sin og blir betjent frå Høyanger. Vi har vurdert at responstida er innan det som er akseptabelt, seier Stensland.

Må lage analyse

Samstundes må helseføretaket gjere fortløpande analysar av ambulansesituasjonen i dei to kommunane. Dette inkluderer også samstundeskonfliktar, situasjonar der ambulansen allereie er oppteken når den blir kalla ut til oppdrag.

Rapporten skal presenterast for fylkesmannen.

– På denne måten ynskjer vi at Helse Førde sjølve skal dokumentere at dei gir innbyggjarane eit forsvarleg ambulansetilbod. Innan seks månader skal dei leggje den fram for oss og dokumentere korleis forandringa har fungert, seier Stensland.