Meiner ambulansedekninga ikkje er god nok

Fylkesmannen meiner ambulansedekninga for Balestrand kommune ikkje er god nok. Det er konklusjonen etter at dei har avslutta tilsynssaka mot Helse Førde.

Ambulansesentral Helse Førde

UTAN EIGEN AMBULANSE: Balestrand kommune har sidan seinsommaren vore utan eigen ambulansestasjon.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Balestrand har vore utan eigen ambulanse sidan 31. august, og sidan har det kome ambulansar frå nabokommunane når det har vore behov.

Fylkesmannen meiner Helse Førde si ambulansedekning for innbyggjarane i Balestrand ikkje er i samsvar med forsvarlegkravet, og avsluttar med det tilsynssaka om ambulansedekninga.

– Vi meiner den noverande ambulansetenesta slik den blir gitt til innbyggjarane i Balestrand, frå ambulansestasjon i Høyanger, ikkje er i tråd med kravet til forsvarlegheit i spesialisthelsetenestelova, seier fylkeslege Per Stensland til NRK.no.

For lang responstid

Fylkeslegen viser til at responstida ved utrykking frå ambulansestasjonen i nabokommunen er på om lag 40 minutt til sentrum av Balestrand. Responstida vil vere endå lenger for dei delane av Balestrand som ligg lenger vekk frå Høyanger.

– Vi meiner reiseavstanden frå ambulansestasjonen blir for lang.

– Dette er ein utsett veg, og det er ein veg der vêr og spesielle føreforhold vil gje innbyggjarane i Balestrand for lang ventetid på ambulanse, seier Stensland til NRK.no.

Kommunalt tilsette skal rykkje ut

Balestrand kommune og Helse Førde har hatt kontakt om etablering av forsterka førsteresponderteneste i kommunen i samband med avviklinga av ambulansen i kommunen.

Dette går ut på å nytte kommunalt tilsett helsepersonell i ei akutthjelpar-ordning. Dette vil få tilbod om opplæring i regi av Helse Førde, tilgang til bil for sjuketransport med tilgang til båreplass og medisinsk utstyr, og tilbod om å nytte auka flåtestyring av ambulanseressursen i fylket.

Fylkesmannen har vurdert dette tilbodet.

– På bestemte vilkår vil dette, i tillegg til ambulansetenesta som blir gitt frå stasjonen i Høyanger, kunne vere eit fagleg forsvarleg akuttmedisinsk tilbod, seier Stensland.

Balestrand kommune har sjølv ønskt seg tilbake ein ambulanse i Balestrand, men fylkeslegen sin konklusjon er altså at ein kan greie seg med ei ordning utan eigen ambulanse i kommunen.

– Det er opp til Helse Førde å tilby Balestrand kommune ei ambulanseteneste som er fagleg forsvarleg. No blir det opp til Helse Førde å ta ei avgjerd på kva løysing dei vil føreslå. Vi meiner iallfall at den noverande tenesta ikkje er fagleg forsvarleg, seier Stensland.

Fylkesmannen har pålagt Helse Førde at dei innan 10. januar neste år gjer greie for kva løysing dei vil velje for å gjere tenesta forsvarleg.

Nøgd med fylkeslegen si avgjerd

Velaug Veum og Arnstein Menes

NØGD: Arnstein Menes er fungerande ordførar i Balestrand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fungerande ordførar i Balestrand, Arnstein Menes, seier kommunen er heilt klar på at dagens situasjon ikkje fungerer.

– Det viktigaste for oss er tryggleiken til innbyggjarane. Det har vore belastande for både politikarar og administrasjonen når innbyggjarar kjem til oss og spør om det tilbodet vi har i dag tek i vare tryggleiken til innbyggjarane, seier Menes.

Kommuneleiinga er nøgde med konklusjonen til fylkeslegen.

– Det stadfestar det vi har sagt heile vegen, om at dette er fullt og heilt Helse Førde sitt ansvar.

Menes er klar på at Balestrand kommune ønskjer ein eigen ambulanse tilbake, og seier dei vil jobbe vidare for å få dette på plass.

– Helse Førde har fått frist på seg til starten av januar på å svare, og vi ventar no det svaret, seier Menes.

(Artikkelen held fram under)

Stian Sægrov

TRENG TID: Helse Førde treng tid for å avklare kva ambulansetilbod Balestrand kommune skal ha, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Helse Førde treng tid

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier dei er gjort kjent med brevet, og at dei allereie i dag har brukt tid på å gå gjennom det.

– Vi har bede om eit møte med fylkeslegen for å gå gjennom bakgrunnen for det svaret vi har fått, seier Sægrov til NRK.no.

Han seier det er altfor tidleg å seie kva løysing dei vil falle ned på, og at dette er ting dei treng tid til å gå gjennom. Balestrand kommune vil som sagt ha tilbake sin eigen ambulanse, kor vidt det er aktuelt kan ikkje Sægrov svare på no.

– Det er vanskeleg for meg å forskottere noko no. Vi må ha nokre gjennomgåande og overordna diskusjonar, og vi treng tid før vi veit korleis vi skal angripe denne situasjonen, seier Sægrov.