Hopp til innhold

Kraftkommunane tapar 400 millionar

Finansdepartementet ville ikkje kompensere for skatteinntektene kommunane taper neste år. Det fører til at 172 kraftkommunar til saman tapar 400 millionar kroner.

Jostedal kraftverk kraftstasjon på Myklemyr

JOSTEDAL KRAFTVERK: Vasskraftverka i Noreg har tapt seg i verdi, og då tapar også kommunane pengar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Her hadde regjeringa ei gyllen moglegheit til å rette opp ei urettferdig ordning med eit enkelt grep no i samband med statsbudsjettet. Den sjansen brukte dei ikkje, seier ein skuffa Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Luster er ein av 172 kraftkommunar som blir råka av Siv Jensen sitt "nei" til å sette ned kapitaliseringsrenta.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

MISNØGD: Luster er ei av kommunane som blir råka hardt i Sogn og Fjordane, og Ivar Kvalen er skuffa over avgjerda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Tapar store summar i eigedomsskatt

Låge kraftprisar dei siste åra har gjort til at vasskraftverka betaler mindre eigedomsskatt til kommunane. Konsekvensen er at dei 172 kraftkommunane mistar ei inntekt på om lag 400 millionar kroner til saman. I Sogn og Fjordane er det snakk om tap på heile 52 millionar kroner. I Luster er det eit tap på 12 millionar.

Kommunane bad finansdepartementet om å vurdere ei reduksjon av kapitaliseringsrenta frå 4,5 prosent til 3 som ei kompensasjon for tapa. Det sa dei nei til.

Skuldar på dårleg tid

Ifølge juridisk sekretariat i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, skal grunngjevinga frå finansdepartementet vere at det ikkje kan ventast at vurderinga blir presentert for stortinget allereie denne haustsesjonen. Med andre ord, har dei ikkje tid til å gjere noko med det før nyttår.

Caroline Lund LVK

UVENTA: Caroline Lund seier reaksjonen frå kraftkommunane er at dette er utilsikta og uventa.

Foto: Richard Eriksen

– Kommunane meiner dette skulle vore gjort i forkant av budsjettforhandlingane. Og at dårleg tid ikkje er god nok grunn for at ein ikkje rettar opp eit utilsikta skattebortfall, seier Caroline Lund i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar.

– Eg trur dette heilt konkret står på vilje, ikkje tid. Vi har ei regjering som ikkje er opptekne av å ta vare på distrikstnoreg. Dei kunne lett ha ordna dette, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Får konsekvensar for tenestetilbodet i kommunane

– Dette råkar veldig mange kommunar i Sogn og Fjordane. Desse pengane blir no teke rett ut av driftsbudsjettet til kommunane. Det får konsekvensar for tenestetilbodet i mange kommunar, seier Ivar Kvalen.

Jørgen Næsje

MÅ LEVE MED DET: Jørgen Næsje i finansdepartementet seier kraftkommunane må leve med at kraftprisane kan falle.

Foto: NRK

Statssekretær Jørgen Næsje i finansdepartementet meiner regjeringa ikkje prøver å motarbeide distriktskommunane, men ønsker at heile Noreg skal bli teke i bruk. Han seier at ettersom eigedomsskatten blir berekna på grunnlag av likningane to år tidlegare, hadde kommunane moglegheit til å bu seg på endringa i inntektene.

– Eg ser at reduserte inntekter gjer prioriteringane i kommunane tøffare, men om ein meiner staten skal kompensere kommunane når kraftprisane er låge kunne det vere logisk at staten også trekker inn kommunane sine inntekter når kraftprisane er høge. Det trur eg ikkje kommunane ønsker, seier statssekretær, Jørgen Næsje i finansdepartementet.

Ber om å bli teke på alvor

Ordføraren i Luster har ein ting han vil seie til finansministeren.

– Du må ta 172 kommunar på alvor når vi seier dette blir svært krevjande for veldig mange, seier han.