Hopp til innhold

Eit ja frå Siv Jensen kan berge kraftkommunane

Eit enkelt ja frå finansminister Siv Jensen kan hindre at kraftkommunane må seie opp tilsette og legge ned grendeskular i 2017.

finansdebatt Siv Jensen

HAR MAKTA: Dersom finansminister Siv Jensen (Frp) seier ja til å vurdere kapitaliseringsrenta i eigedomsskatt for kraftverk no i desember, kan det redusere inntektstapet for kraftkommunane. Seier ho nei og gjer det neste år, blir effekten utsett til 2018.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Norske kraftkommunar tapar 380 millionar kroner i eigedomsskatt på kraftverk neste år fordi skatten blir avgjort av kva spotmarknadsprisane har vore dei fem siste åra. Desse åra har kraftprisane vore låge.

Kraftkommunane i Sogn og Fjordane tapar over 50 millionar kroner, ifølge Landssamanslutninga for vasskraftkommunar.

Uendra rente

Det store inntektstapet fører til at grendeskular i til dømes Luster kommune står på spel. I Lærdal kommune har politikarane varsla kutt i tal tilsette. Det same kan skje i Aurland. Og i Vik har det blitt sagt at situasjonen er verre enn etter Terra.

Håpet fell no på den sokalla kapitaliseringsrenta i eigedomsskatt på kraftanlegg.

Den er i dag på 4,5 prosent og har stått uendra sidan 2010.

Stortinget vil endre

Då statsbudsjettet vart vedteke måndag bad eit samrøystes storting regjeringa om å vurdere denne renta, som i praksis betyr å setje den ned i tråd med renteutviklinga elles i samfunnet.

Det vil kompensere for mykje av bortfallet av inntekter frå eigedomsskatt på kraftverk.

Men Stortinget sette ikkje nokon tidsfrist for når vurderinga skal gjerast. Dersom regjeringa og finansminister Siv Jensen vel å vente til neste år, vil ikkje effekten slå inn hjå kommunane før i 2018.

Liv Signe Navarsete

KREV ENDRING: Liv Signe Navarsete (Sp)

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Men gjer Siv Jensen det no i desember, vil effekten gjere seg gjeldande alt neste år.

Då kan kommunane avblåse noko av dei store kutta dei har varsla.

Krev tre prosent

– Vi krev at renta blir sett ned til tre prosent. Viss finansministeren gjer dette i desember, vil endringa i kapitaliseringsrenta utlikne tapet kraftkommunane har hatt på eigedomsskatten, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

Torsdag vart det sendt eit skriftleg spørsmål til finansministeren om at vurderinga av kapitaliseringsrenta må skje no i desember.

– Det vil bety at mange av kommunane med kraftanlegg i fylket kan sleppe å seie opp lærarar, sjukepleiarar og andre tilsette, meiner Navarsete.

Ap og Sp

– Kven står bak spørsmålet til Siv Jensen?

Odd Omland

POLITIKAR: Odd Omland (Ap) frå Vest-Agder har stilt spørsmålet til Siv Jensen.

Foto: NRK

– Det er Odd Omland frå Ap. Vi i opposisjonen står samla i næringskomiteen. Dette grepet kan regjeringa trygt gjere, for det vil ikkje ha betydning for statsbudsjettet, men ha stor betydning for kommunane det gjeld, seier Navarsete.

Finansminister Siv Jensen må svare på kva ho vil gjere innan torsdag.