Hopp til innhold

Køyrer 80 mil for å mimre om folkefesten

– Det var først og fremst kaldt og nydeleg vêr, men stemninga som var der gjer det nesten umogleg å gløyme.

Sjåførar frå Firda Billag

SAMLA TROPP: Tidleg søndag morgon la denne delegasjonen ut på dei kring 40 mila til Lillehammer for å vere med på 25-årsjubileet for Lillehammer-OL.

Foto: Andre Monsen

Det seier Jostein Gjermundstad om folkefesten han og 70 bussjåførar frå Firda Billag vart vitne til for 25 år sidan.

Jostein Gjermundstad og Håkon Råheim

JUBILEUM: Jostein Gjermundstad (t.v.) og Håkon Råheim er berre to av Firda Billag-sjåførane som pakka OL-uniforma og reiste til 25-årsjubileet for vinter-OL på Lillehammer.

Foto: Thomas Brakstad

I dag reiste 26 av dei tilbake til Lillehammer for å vere med på 25-årsjubileet for det IOK-president Juan Antonio Samaranch omtala som «dei beste vinterleikar nokosinne».

– Det blir kjekt å treffast att. Nokre kjenner vi att, andre ikkje. Det blir i alle høve ein koseleg tur for å treffe kollegaer ein ikkje treffer kvar dag. Ein del er pensjonistar, seier Håkon Råheim.

Eit godt norsk OL

Skrur vi tida 25 år tilbake, er Lillehammer stappfullt av utøvarar, funksjonærar og tilskodarar. Det er første gang sidan 1952 at Noreg arrangerer OL , og både publikum og dei norske utøvarane leverer.

Noreg tek ti gull, 11 sølv og fem bronsar, og blir berre slått av Russland i samandraget.

For å handtere den store folkemengda, vart busselskap frå heile landet hyra inn for å løyse eit av noregshistorias største transportoppdrag.

Av kring 2.000 bussar, stilte Firda Billag med 60.

– Når du køyrer bybuss i Førde i dag, og tykkjer det er mykje folk her, så kan ein tenkje tilbake til bybussen vi køyrde på Lillehammer, humrar Gjermundstad.

Kaotiske tilstandar

For i tillegg til å køyre til dei ulike arenaene, vart førarane sett opp til å køyre bybussen. Det kunne til tider bli utfordrande og til dels kaotisk. For gatene ved Mjøsas breidd vart tronge i folkehavet.

– Det var så mykje folk og venting, at du berre fekk køyrt nokre få meter om gangen. På den tida eg skulle vere ferdig med tre turar, vart eg akkurat ferdig med den første, skildrar Gjermundstad.

– Heldigvis var det ikkje noko billettsystem då. Men du fekk i alle fall god tid til å sjå deg kring, ler han.

-20 kvar dag

Kaldt var det også. Kulden gjorde at bussane fekk gå heile dagen med varmen på. Ikkje heilt etter boka ut frå miljøperspektivet i dag.

Og om over 20 kuldegrader var kaldt nok sjølv for vestlendingane, så var det endå kaldare for dei som aldri hadde opplevd blå grader.

– Første dagen hadde eg ein minister frå Thailand som passasjer. Eg trur han var inn sju-åtte gonger for å varme seg i bussen. Han hadde aldri opplevd minusgrader før, seier Råheim.

Med prognosar på eit par kuldegrader dei neste dagane, vil definitivt kvikksølet ikkje stå like lågt på gradestokken når mimringa tek til på Lillehammer.