Hopp til innhold

Mæland: – Kommunesamanslåing er løysinga på rekrutteringskrisa i distrikta

Større og sterkare kommunar er løysinga på den framtidige rekrutteringskrisa i utkantkommunane, meiner kommunalminister Monica Mæland (H).

Monica Mæland lyttar til reiarane i Strand Rederi i Ålesund

VIL HA STØRRE KOMMUNAR: Sjølv om Monica Mæland (H) ønskjer større kommunar, er ikkje samanslåing med tvang ei aktuell problemstilling. – Stortinget har sagt det skal skje frivillig, og det held vi oss til.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

20 år fram i tid vil ei rekkje utkantkommunar få altfor få sysselsette i høve det samla folketalet, ifølgje forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for Helseforsking i Helse Førde.

Utviklinga bekymrar kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

– Over halvparten av kommunane vil også etter kommunereforma ha under 5000 innbyggjarar, over 100 vil ha under 3000 innbyggjarar. Det er urovekkjande når delen sysselsette i distriktskommunar går ned, mens delen som lever på trygd går opp, seier ho.

Større einingar

Ser ein på utviklinga av tal personar i aldersgruppa 18 til 66 år i høve talet på pensjonistar, ser ein ifølgje Breidablik ei dramatisk utvikling i fleire fylke og i ei rekkje utkantkommunar fram mot 2040.

– Situasjonen i mange lokalsamfunn vil bli meir dramatisk enn mange greier å ta inn over seg, seier Breidablik.

Hans Johan Breidablik

DRAMATISK: – Situasjonen i mange lokalsamfunn vil bli meir dramatisk enn mange greier å ta inn over seg, seier forskar Hans Johan Breidablik.

Foto: Bård Siem / NRK

Mæland meiner løysinga på rekrutteringskrisa ligg i fleire kommunesamanslåingar.

– Kommunepolitikarane er dei viktigaste næringspolitikarane vi har. Vi treng at kommunereforma held fram, at fleire kommunar blir sterkare, slår seg saman og skaffar kapasitet og kompetanse til å ta utfordringane.

Regjeringa har frå neste år lagt til rette med økonomiske insentiv slik at dei minste kommunane, som til dømes Hyllestad og Høyanger, vil tene på samanslåing, seier kommunalministeren.

– Det handlar først og fremst om eit berekraftig tenestetilbod til innbyggjarane når stadig færre er i jobb og skal betene stadig fleire eldre som ikkje jobbar. Men det handlar også om å få folk til å ønske å bu i distrikta.

Kompetanse

Ifølgje Breidablik vil mange utkantkommunar vere heilt avhengige av arbeidsinnvandring for å unngå kollaps og avfolking.

– Men det blir ikkje meir personell på sjukeheimar om ein slår saman kommunane?

– Nei, men det er stor forskjell på å ha éin kommuneplanleggar og å ha ingen. Det blir ikkje fleire folk, men ein får større og mindre sårbare einingar. Det er forskjell på å ha éin tilsett i barnevernet og tre, seier Mæland.

– Tenkjer du samanslåing og sentralisering av sjukeheimar vil løyse behovet for varme hender i eldreomsorga?

– Eg snakkar først og fremst om kompetansen i kommunen. I Sogn og Fjordane blir Flora og Vågsøy slått saman. I Vågsøy er det éin arealplanleggjar, i Flora 17. Det er klart ein får ei sterkare avdeling med 18 tilsette som tenkjer heilskapleg.

Andre verkemiddel

Ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger er ikkje like sikker på at kommunesamanslåing løyser rekrutteringsproblema.

Petter Sortland, ordførar Høyanger

ANDRE VERKEMIDDEL: Høyanger-ordførar Petter Sorland (Ap) trur på å jobbe for betre næringsutvikling og arbeidsplassar for å lokke ungdom og familiar tilbake til distriktskommunane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Om Høyanger blir ein del av ein større kommune, er det dei same folka som bur her. Sjukeheimane og skulane er der dei er. Eg trur ikkje du kan organisere deg vekk frå dette. Vi må bruke andre verkemiddel.