Forskar: Utkantkommunar går mot kollaps

HØYANGER (NRK): 20 år fram i tid vil er rekkje utkantkommunar få altfor få sysselsette i høve det samla folketalet. – Utan arbeidsinnvandring vil mange lokalsamfunn kollapse og bli avfolka, seier forskar.

Alfred Baggetun (58) og Roy Arve Ørnehaug (50)

REDUKSJON I INDUSTRIEN: Alfred Baggetun (58) og Roy Arve Ørnehaug (50) på veg ut av porten ved Hydro Aluminium i Høyanger. For 20 år sidan var det 900 industriarbeidsplassar ved Hydro i Høyanger. No er det berre 170 igjen.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er i juni 2018 og klokka er 14. Regnet pøser ned i industribygda Høyanger. Arbeidsfolka er ferdige med skiftet og går ut av hovudporten ved Hydro sitt aluminiumsverk. For 20 år sidan var 900 personar tilsett ved Hydro i Høyanger. No er det berre 170 igjen.

– Automatisering og effektivisering gjer at det har vorte langt færre arbeidsplassar i industrien. Det må til for å vere konkurransedyktig, seier Roy-Arve Ørnehaug (50) ved Hydro Aluminium.

– Når det ikkje er behov for fleire tilsette, tek dei sjølvsagt ikkje inn fleire, seier kollega Alfred Baggetun (58). Begge kjem frå Høyanger og begge har valt å jobbe ved hjørnesteinsbedrifta i bygda. Men mange har valt å flytte ut fordi det ikkje lenger finst attraktive arbeidsplassar i kommunen.

– Dyster framtid

Høyanger er eit av fleire hundre lokalsamfunn som kan gå ei dyster framtid i møte. Ifølgje forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for Helseforsking i Helse Førde vil mange utkantkommunar vere heilt avhengige av arbeidsinnvandring for å unngå kollaps og avfolking.

Den tidlegare fagsjefen i Helse Førde legg fram ein tabell som viser utviklinga av tal personar i aldersgruppa 18 til 66 år i høve til talet på pensjonistar. Fram mot 2040 ser ein ei dramatisk utvikling i fleire fylke og i ei rekkje utkantkommunar.

Medan det i 2010 var over fire personar i arbeidsdyktig alder per pensjonist i Sogn og Fjordane, vil det i 2040 vere 2,35 folk i arbeid per pensjonist. I Høyanger vil det vere berre 1,65 personar i arbeid per pensjonist.

– Eit slikt samfunn vil ikkje vere berekraftig. Situasjonen i mange lokalsamfunn vil bli meir dramatisk enn mange greier å ta inn over seg, seier Breidablik.

Hans Johan Breidablik

DRAMATISK: Situasjonen for mange lokalsamfunn vil bli meir dramatisk enn mange greier å ta inn over seg, seier forskar Hans Johan Breidablik. Mange lokalsamfunn vil kollapse utan omfattande arbeidsinnvandring, hevdar han.

Foto: Bård Siem / NRK

Til samanlikning vil det i Oslo, som kjem best ut i tabellen, vere 4,35 arbeidsfolk per pensjonist i 2040. I Rogaland er talet 3,48. Hedmark kjem verst ut med berre 2,32 arbeidsfolk per pensjonist.

Uroa ordførar

I Høyanger ligg det nyoppussa rådhuset midt i sentrum. I fjerde etasje møter vi ordførar Petter Sortland (Ap) med eit alvorleg drag over andletet.

– Tala for Høyanger kan skremme vatnet av ein. Vi klarer ikkje å overleve på sikt med denne type nøkkeltal, seier han.

Petter Sortland, ordførar Høyanger

ALVORLEG: Vi kan ikkje overleve på sikt med altfor få sysselsette per pensjonist, seier Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger.

Foto: Bård Siem / NRK

Ordføraren påpeikar at kommunen vil vere heilt avhengige av å kunne skape nye og attraktive arbeidsplassar.

– I tillegg vil vi vere avhengige av arbeidsinnvandring. Det kan faktisk også bli ei utfordring, seier han.

Negativ utvikling i mange fylke

Berekraftsbrøk Noreg

personar 18-66 år / 67+ år

År

2010

2015

2020

2025

2030

2035

2040

Norge

5

4.59

4.22

3.84

3.54

3.23

2.99

01 Østfold

4.53

4.02

3.75

3.46

3.2

2.92

2.68

02 Akershus

5.52

4.84

4.49

4.1

3.74

3.34

3.03

03 Oslo

6.85

6.63

6.26

5.77

5.27

4.77

4.35

04 Hedmark

3.84

3.48

3.18

2.89

2.69

2.49

2.32

05 Oppland

3.94

3.59

3.28

3

2.78

2.56

2.39

06 Buskerud

4.81

4.26

3.94

3.62

3.36

3.07

2.82

07 Vestfold

4.58

4.07

3.71

3.34

3.05

2.77

2.55

08 Telemark

4.3

3.82

3.44

3.08

2.86

2.63

2.45

09 Aust-Agder

4.89

4.33

3.9

3.51

3.28

3.04

2.84

10 Vest-Agder

5

4.67

4.34

3.95

3.64

3.31

3.06

11 Rogaland

5.96

5.63

5.13

4.56

4.15

3.77

3.48

12 Hordaland

5.09

4.81

4.45

4.07

3.76

3.46

3.22

14 Sogn og fjordane

4.09

3.78

3.4

3.04

2.75

2.51

2.35

15 Møre og Romsdal

4.37

4.06

3.64

3.27

3.03

2.83

2.65

50 Trøndelag

4.89

4.48

4.07

3.69

3.42

3.14

2.93

18 Nordland

4.2

3.82

3.47

3.09

2.84

2.59

2.43

19 Troms - Romsa

5.08

4.55

3.98

3.52

3.24

2.96

2.75

20 Finnmark - Finnmárku

5.12

4.65

4.07

3.66

3.35

3.02

2.75

Tabellen syner kor mange yrkesaktive det er i kvart område per pensjonist. Framskrivne tal.