Hopp til innhold

Abeba er ein av dei som kan redde distrikts-Noreg

HØYANGER (NRK): Sjukeheimen er heilt avhengig av arbeidsinnsatsen til Abeba Brahane frå Eritrea og dei 14 andre innvandrarane. Arbeidsinnvandring kan vere forskjellen på kollaps eller vekst i distrikts-Noreg.

Evelyn Gunnarskog og Abeba Brahane.

VARME HENDER: Evelyn Gunnarskog (82) er full av lovord om pleiaren Abeba Brahane frå Eritrea. Ho er snill, dyktig og grei, seier Gunnarskog.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi kjem godt overeins. Ho er dyktig og veldig grei, seier 82 år gamle Evelyn Gunnarskog medan ho tek rundt Abeba Brahane frå Eritrea. Vi er ved Høyanger sjukeheim der Evelyn bur og Abeba jobbar.

– Det er så hyggeleg å få ei slik tilbakemelding, seier ei smilande Abeba.

– Utlendingane som jobbar på sjukeheimen er flinke og gode å ha med å gjere. Dei gjer ein ypparleg jobb. Utan dei stoppar Noreg, seier Kjell Gunnarskog, ektemannen til Evelyn som er på besøk på sjukeheimen.

– Avhengig av innvandring

Ifølgje forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for helseforsking i Helse Førde vil store delar av distrikts-Noreg bli fullstendig avhengig av arbeidsinnvandring for å kunne pleie dei gamle og sjuke.

– Vi lever stadig lengre, det blir fødd færre barn og ungdommane flyttar frå distrikta. Dette gjer at det i utkantane blir altfor få varme hender. Omfattande arbeidsinnvandring vil bli einaste redninga, seier han.

Abeba Brahane har jobba ved sjukeheimen i Høyanger i fem år. Ho snakkar godt norsk og gjer seg forstått med dei eldre.

– Det er ikkje problem å forstå Abeba, seier Evelyn Gunnarskog.

Arbeidsinnvandring til Norge 1990 - 2017

Europa

Asia med Tyrkia

Afrika

Sør- og Mellom-Amerika

Nord-Amerika

Oseania

I alt

276724

244389

16737

2776

2603

7894

2198

1990

1030

584

178

12

12

233

10

1991

1050

608

114

16

13

287

12

1992

1152

764

106

11

8

242

20

1993

1140

794

48

14

13

251

20

1994

1215

923

70

15

10

183

13

1995

1427

1144

55

10

14

190

14

1996

1487

1158

72

10

10

221

16

1997

1859

1463

73

21

15

260

27

1998

2508

2025

130

33

21

268

31

1999

2078

1731

94

23

10

183

37

2000

1997

1661

87

26

26

169

28

2001

2376

1865

209

28

28

204

42

2002

2706

2084

230

60

58

194

78

2003

2379

1811

215

69

51

136

94

2004

4063

3482

179

79

49

179

94

2005

6433

5606

342

118

59

208

99

2006

11778

10598

547

147

103

242

139

2007

21377

19348

1124

210

175

358

157

2008

23249

21078

1304

147

220

362

135

2009

17926

16015

1024

163

199

356

166

2010

23754

21591

1139

229

228

423

129

2011

26729

24286

1349

252

246

404

170

2012

25542

22709

1623

286

284

462

146

2013

23543

21212

1403

194

197

392

132

2014

21412

19073

1491

193

147

395

107

2015

18092

16042

1283

152

113

393

103

2016

14583

12874

1021

128

119

352

83

2017

13839

11860

1227

130

175

347

96

Ekspander/minimer faktaboks

Ja og nei frå Frp

Nestleiar i Framstegspartiet på Vestlandet, Lars Svein Drabløs, stiller seg positiv til denne type innvandring.

– Dersom det norske samfunnet treng arbeidskraft er det greitt å hente folk frå utlandet. Men det aller beste er å engasjere vår eigen ungdom til å ta utdanning innan pleie og omsorg.

Er det ok frå Frp med meir innvandring frå til dømes Eritrea for å sikre varme hender på sjukeheimane?

– Så lenge det er kvoteflyktningar som kjem inn, og dei har ein jobb å gå til, er det greitt, seier han. Drabløs seier nei til meir generell innvandring for å sikre arbeidskraft i distrikta.