Hopp til innhold
Kommentar

To klubbar på kanten

Når Sogndal for første gong sidan Eid hausten 1976 tek i mot ein klubb frå eige fylke til seriekamp på Fosshaugane på søndag, markerer det eit sportsleg høgdepunkt i fotballhistoria til Sogn og Fjordane. Samtidig er Sogndal og Florø to klubbar som har teke til å vandre farleg nær kvart sitt stup.

Peter Aase (Florø) og Stanisa Mandic (Sogndal)

LOKALDERBY: Stanica Mandic (med ballen) og Sogndal vann tilsvarande oppgjer i vår mot Stefan Aase og Florø med 2-1. I helga møtes dei på nytt, denne gong på Fosshaugane.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Lat meg starta med ein sportsleg spådom før helga:

Vinn Florø, klarar dei seg i 1. divisjon. Tapar Sogndal, ryk opprykket til Eliteserien.

Konsekvensane for begge klubbane kan strekke seg mykje lenger enn sesongen 2019.

For dette er to klubbar med framtida på spel.

Sett utanfrå står Florø i dag fram som ein litt sliten fotballklubb. Fjoråret tok fotballmirakelet på kysten til høgder ingen hadde førestilt seg. I år har dei fått smaka på dei beinharde realitetane Sogndal har lukkast med å trassa gjennom 40 år – der dei følgde opp sitt fotballmirakel med å bita seg fast i toppen i tiår etter tiår. Cupfinalen og opprykket i 1976 var berre prologen for Sogndal.

Prestasjonen er alt som har skjedd etterpå.

Akkurat kor stor den prestasjonen er, veit ingen betre enn den indre kretsen i Florø Sportsklubb akkurat no. Når lokale profilar skal erstattast, samtidig som laget kjempar for livet på høgt sportsleg nivå, nyttar det sjeldan å leite på juniorlaget. Då må du ut og handle, og heller ikkje det har Florø lukkast spesielt godt med. Samtidig byrjar slitasjen på dei få nøkkelpersonane bak eventyret å bli merkbar.

For suksessoppskrifta til Florø var å setje Terje Rognsø til å trene 12-åringane og bygge eit 1. divisjonslag rundt dei. Det er ingen «quick fix», for å seia det forsiktig.

Og kva skjer med kjernen i laget dersom det blir 2. divisjon neste år? Karar midt i 20-åra, som set utdanning og resten av livet på vent for å leve ut draumen i blått og svart, er kanskje ikkje like tolmodige ein divisjon lenger nede.

Og om det er vanskeleg å erstatte gode førstedivisjonsspelarar medan ein er i førstedivisjon, er det bortimot umogleg å skaffe like gode spelarar når ein er nede i andre. Vegen tilbake kan bli lang, og Florø Sportsklubb er ingen solid konstruksjon per i dag. Det er berre 12 år sidan dei spelte i 4. divisjon.

Den norske fotballhistoria er full av klubbar som har maksa ut potensialet sitt for så å slokne fullstendig. Mjølner, Mo og Geithus er nemnde, mange andre gløymde. Florø kan bli neste.

For dei har enno ikkje klart å byggja klubb rundt det sportslege suksessen. Men klarar dei seg i år har dei eitt år til på seg. Det kan vera heile skilnaden.

Men kva så med fotballflaggskipet i fylket, som ligg i den andre enden av tabellen. Dei med stadionet, tradisjonane, infrastrukturen og alle pengane? Tja. Dei har sitt å stri med i Sogndal òg.

I alle fall opplever dei det slik sjølve. For desperasjonen etter å koma seg ut av 1. divisjon ligg tungt over Fosshaugane denne hausten. No er ingenting for heilag til å bli ofra i opprykksjakta, og slik har det aldri vore før.

Ved tidlegare nedrykk har Sogndal rydda i rekkene og gitt nye, unge og lokale spelarar sjansen. Returen tilbake til toppnivået har teke den tida den tok. Fordi ein måtte ha "eit lag å rykka opp med". Det vil seie ei kjerne i laget som kunne bli eitt år betre på tida som gjekk mellom opprykket og første seriekamp i eliteserien.

Slik er det ikkje no. No skal Sogndal rett opp kosta kva det kosta vil.

For no byrjar konkurrentane deira å bli farleg nærgåande. Og no snakkar eg om divisjonskollegaene Nest Sotra, Åsane og Florø.

Årsaka til Sogndal si vandring rundt stupet ligg eigentleg ikkje på fotballbana. På bana leverer Sogndal bra sett ut frå at dette har vore ein frykteleg vrien sesong.

Ho ligg i forvaltninga, i fordelinga av tv-pengar og i vala klubben gjer utanfor bana.

Regionreforma tek til å få konsekvensar langt inn på fosshauganeplasten. For frå og med 2020 er ikkje Sogndal lenger nummer éin i nærområdet sitt. I den nye regionen Vestland er dei i beste fall nummer to bak Brann. I verste fall deler dei andreplassen med Florø, Nest Sotra og Åsane. For fleire av sponsorane til Sogndal, og då spesielt hovudsponsoren Sparebanken Vest, er regionale. Pengane dei pløyger inn i Sogndal Fotball, og me snakkar om ein pen sum her, er basert på at Sogndal er eit regionalt topplag. Altså meir enn ein sogneklubb på det same sportslege nivået som strileklubben, Ikeaklubben og oskeladden frå kysten.

Så får det heller vera at banken også vil at Sogndal skal vera eit samlande lag for fylket, med nokre spelarar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Hadde Sogndal Fotball trudd det var mogleg å levera på begge frontar, hadde dei kanskje gjort det. Men no går dei for eliteseriespel og berre det.

Landskapet rundt oss skal forandra seg til gangs i åra som kjem, og når støvet legg seg, har Sogndal tydelegvis funne ut at det viktigaste er å vera i Eliteserien. Dei må ha luft mellom seg og dei regionale konkurrentane. Helst ein heil divisjon.

Samtidig er fordelinga av tv-pengane slik at dersom du rykker ned, tek du med deg pengane frå Eliteserien. I eitt år. Det er først på år to det tek til å kosta å vera i 1. divisjon. For Sogndal sin del er det neste år. Og det er desse pengane Sogndal lever av. Difor går det på sett og vis an å forstå det kvifor klubben har vorte det den har vorte.

Men når det gjeld den siste veka, der Sogndal har kvitta seg med den 17 år gamle, lokale ungdomslandslagsspelaren Johan Hove og erstatta han med to 34-åringar, må eg dessverre berre late det ligge litt.

Dette vart mykje å ta inn over seg for ein som har sett samlebandet i talentfabrikken Sogndal rulle og gå heile livet.

Lat meg heller seie det slik: For sportsleg leiing, trenarar og styret sin del så bør dette ende med opprykk.

Elles har Sogndal Fotball ofra klubbintegriteten for ingenting, og det ville jo vere synd.

For det å få fram lokale toppspelarar er ikkje så lett lenger. Johan Hove var ein sjeldan sjanse til å klare det. Det kan gå ei stund til ein slik sjanse dukkar opp igjen.

Og sjølv om Sogndal etter beste evne prøver å spele raus storebror overfor Florø, så er det ikkje lett. Først og fremst fordi Florø by faktisk er stolt og kry. Dei er store i kjeften og legg ikkje akkurat skjul på at det er ekstra herleg for dei å slå akkurat Sogndal, slik dei har gjort to gonger i cupen dei siste åra.

Ingen motstandar har nokosinne passa Sogndal så til dei grader dårleg – fordi dei tvingar Sogndal ut av oskeladd-rolla dei har likt seg så godt i sidan midten av 70-talet. Samanlikna med Florø Sportsklubb er Sogndal Fotball ein koloss på alle måtar. Dermed har Sogndal alt å tape når dei møter Florø på heimebane på Fosshaugane. Delvis fordi florøfolket med god grunn kjem til å braute meir enn dei nokon gong har gjort før i lang tid framover dersom resultatet går deira veg. Delvis fordi opprykket Sogndal på sett og vis har ofra sjela si for å vinna, kan bli veldig vanskeleg å klare med null poeng i denne kampen. For Sogndal tapte mot dumpekandidat Strømmen på tysdag, og i neste runde ventar den argaste opprykkskandidaten Mjøndalen. To tap på rappen no, og vips kan Sogndal ligge åtte poeng bak andreplassen dei må ha for å rykka direkte opp.

Florø på si side har kjempa seg opp i kneståande etter ein svak start. Det vakre spelet som har feia Sogndal ut av cupen to gonger, er ikkje det same lenger. I staden er det dødballane som rår, og det fungerer nokså greitt for tida. Det er ikkje like pent å sjå på, men det blir eitt og anna poeng av det. Kanskje mange nok.

Med tre poeng mot Sogndal kan dei vere ute av nedrykkssona med fornya energi og sjølvtillit mot hausten.

For Florø elskar å møte Sogndal. Ingen i Sogndal kan fordra å møte Florø.

Visst er Sogndal eit betre lag enn Florø. Det finst ingen målbare parameter som tyder på noko anna. Men derby er derby, og der Florø ser denne kampen som ein veg ut av uføret, ser Sogndal kanskje ein skummel snubletråd.

Og vaklar Sogndal no, kan dei bli vaklande lenge. Ja, kanskje dei til og med ramlar til slutt. For gode resultat kamuflerer det meste, men uteblir resultata kan spøkelset etter Johan Hove heimsøke Sogndal i lang, langt tid framover.

Men akkurat no – på søndag, skjer noko historisk. Ingen kan garantere at to klubbar frå Sogn og Fjordane nokosinne møtest på så høgt nivå igjen. For det første skal ikkje Sogn og Fjordane eksistere som fylke så mykje lenger. Og for det andre er sjansane for at ein av klubbane, eller begge, er ein annan divisjon neste år, framleis stor.

Så er du det minste interessert i å sjå ein slik kamp, trur eg du skal nytta sjansen no.

LES MEIR: Sogndal møter Florø