Hopp til innhold

Saftkokaradn krev fleire lokale spelarar

Supportergruppa Saftkokaradn meiner Sogndal har for få lokale spelarar. – Vi skulle gjerne vore i Eliteserien med dei beste laga, men vi får no ein sjanse til å bygge eit lag, seier leiaren i supportergruppa.

Saftkokaradn

LITE FOLK: – Ein skulle hatt fleire lokale spelarar, og det merkar ein jo på tribunane også, seier leiaren i Saftkokaradn, Vidar Vadseth.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det har vore ein sesong midt på treet. Vi hadde forhåpningar til opprykk, men det gjekk ikkje, seier leiaren i Saftkokaradn, Vidar Vadseth.

Sogndal Fotball tapte i går 3–1 mot Aalesunds Fotballklubb på Color Line Stadion. Håpet for Sogndal var å vinne kvalifiseringskampen som kunne ta dei et steg vidare mot eliteserien. Det gjekk ikkje.

– Det er ikkje krise. No er det viktig å samle seg og gjere dei evalueringane som må til. Det er gøy i 1. divisjon, men det er enno betre å spele med dei beste laga i landet, seier leiaren i supportergruppa.

Vil ha lokale spelarar

– Vi saknar lokale spelarar i klubben. Ein merkar det godt på tribunane på Fosshaugane, og det vert ofte tatt opp i diskusjonsforum i supporterklubben, seier Vadseth.

Vidar Vadseth

VIL HA FLEIRE PÅ TRIBUNEN: Leiar Vidar Vadseth Saftkokaradn vil ha fleire lokale spelarar i klubben. Han trur dette kan få folk tilbake på tribunane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han tykkjer det har vore eitt av dei dårlegaste åra med oppmøte på tribunane. Saftkokaradn trur dette er ein konsekvens av for lite lokale spelarar. Leiaren synest klubben burde hente inn ekstern hjelp for å løyse dette.

– Eirik Bakke er rett mann til trenarjobben, men vi skulle hatt nokon som kan sjå på ting med nye auge. Vi har allereie fått god hjelp med Terje Rognsø som har kome inn som dagleg leiar i klubben, seier Vadseth.

Uheldige investeringar

Trond Olsen og Bjørn Helge Riise vart henta til klubben i sommar med håp om å hjelpe klubben mot opprykk. 35 år gamle Riise vart henta inn frå AaFK, mens 34 år gamle Olsen kom frå Bodø/Glimt. Dei har vore prega av skader og lite speletid, særleg Trond Olsen.

– Det viste jo seg at investeringane slo dårleg ut. Det er ikkje å stikke under stol. Det har vore skadar store delar av sesongen. Det er ein risiko å ta investeringar, og desse slo nok feil ut, seier leiaren i Saftkokaradn.

NRK har prøvd å få tak i trenar Eirik Bakke og sportsleg leiar Håvard Flo utan å få svar. Men etter kampen mot AaFK i går vart Bakke intervjua, og då sa han dette:

– Vi skal bruke litt tid til å byggje opp eit lag som kan konkurrere med dei beste. Det er ein skuffa gjeng som ikkje gjekk vidare, men vi skal slikke såra og komme tilbake sterkare neste år, sa Bakke etter kampen.