NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: Kampen i Førde vil stå mellom dei to

Dei har begge flytta frå Bremanger til Førde, og begge kjempar om makta i fylkets mest folkerike kommune.

Olve Grotle og Helge Robert Midtbø

MAKTKAMP: Olve Grotle (H, t.v.) og Helge Robert Midtbø (Ap) vil begge gjerne vere ordførar i Førde dei komande fire åra.

Foto: NRK

Vallogo

Valet i 2011 i Førde var ein ordførarkamp mellom juristane Olve Grotle frå Høgre og Terje Gjertsen frå Ap. Grotle vann den kampen og Høgre vart største parti med 28 prosent oppslutning – 1,5 prosentpoeng meir enn Ap. Valet i år låg an til å bli omkamp mellom dei to kandidatane for dei to største partia i byen. Begge vart nemleg renominerte på topp.

Men så trekte Gjertsen seg på grunn av jobbskifte og flytting frå kommunen. Kari Valle som stod på 2.-plass ønskte ikkje å vere ordførarkandidat, og dermed peika partiet på klinikkdirektøren i Helse Førde, Helge Robert Midtbø som sa ja. Sett utanfrå er det to populære politikarar som no kjempar ein politisk tungvektskamp om veljarane sin gunst på vegner av sine parti. Begge er frå Bremanger, og utfallet er ikkje gitt.

For ordførarvervet går nok til ein av dei to, sjølv om mange parti stiller med erfarne politikarar på topp. Bjørn Harald Haugsvær stiller igjen for KrF, dagens varaordførar, Jan Taule, toppar igjen Venstre-lista og Iris Loftheim, senterpartilista. Vidare finn vi Turid Vallestad på topp for SV, Ove Henning Håkonsen for Frp, og Marius Dalin på topp hos nykommaren Miljøpartiet Dei Grøne. Partiet Dei Kristne stiller også liste i Førde denne gongen, med Bjørg Sølvi Refvik på topp. Ho vart vald inn i bystyret for Frp for fire år sidan, men melde seg ut midt i perioden – mest på grunn av at Frp opna for aktiv dødshjelp.

Førde har i siste perioden hatt ei rekke store saker til avgjerd. Den største er Førdepakken – ei trafikkløysing i og rundt Førde som omfattar både bilvegar, sykkelvegar og gangvegar. Prislappen er 1,65 milliardar kroner. Det mest omstridde kring Førdepakken er bruken av bompengar og storleiken på desse, men rett før sommarferien sa Stortinget ja til prosjektet. Vidare har politikarane avgjort saka om eit nytt, stort handelssenter på Brulandsvellene i utkanten av sentrum, dei har opna det store aktivitetsområdet Hafstadparken med tilbod både for idrett og uorganisert aktivitet og dei har tatt i bruk det nye rådhuset.

Sett utanfrå er det to populære politikarar som no kjempar ein politisk tungvektkamp om veljarane sin gunst på vegne av sine parti

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Då Førdehuset opna i 1976 var det eitt av dei største kulturhusa i landet og var unikt av di det samla så mange ulike kulturaktivitetar under same tak. Huset vart utvida i 1996 mellom anna med storhall. No ligg planane for ei storstilt utviding av huset nok ein gong, mellom anna med endå ein storhall, badeland, lokale for kulturskule, med meir. Vidare treng byen, der folketalet stadig er i vekst, fleire bustader og politikarane må finne tomter. Folketalsveksten krev også større investeringar i tilbod som rettar seg både mot dei unge, dei vaksne og ikkje minst dei eldre og pleietrengande. Utfordringane er mange og Førde, som dei fleste andre kommunar, har ein pengesekk som er i minste laget for alt som bør gjerast. Dermed må politikarane ta dei vanskelege prioriteringane.

Førde er fylkets største kommune i folketal og ligg geografisk heilt sentralt i fylket. Når kommunane no diskuterer samanslåing til større einingar, har Førde naturlege beilarar av naboane. Det mest spennande for Førde i denne samanhengen er likevel om tanken om ein storkommune av Sunnfjord og ytre Sogn der også «erkerivalen» Flora blir med. Det har lenge vore hevda at eit tettare samarbeid mellom Flora og Førde er nødvendig for utviklinga av heile Sogn og Fjordane. Kommunereforma kan vere den som skapar nye og «robuste» bu- og arbeidsregionar. Mykje utgreiing står att kring desse spørsmåla, men politikarane som no står til val, skal trekke konklusjonane.

Av dei mindre og meir daglegdagse tema som Førde-politikarane har hatt på bordet mange gonger og som sikkert kjem igjen, er innføring av parkeringsavgift i sentrum. Førde er nemleg eitt av få handelssenter her i landet som ikkje har parkeringsavgift. Fleirtalet av politikarar meiner fordelen med gratis parkering er viktigare for Førde enn inntekta ei avgift. Når det no blir laga bompengering rundt Førde, er truleg parkeringsavgift blitt endå mindre aktuelt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser