Hopp til innhold

Slo seg saman for å bli betre - no kjempar dei lokale aristokratane for å overleve

Samanslåing skulle gjere at Tornado Måløy og Årdal etablerte seg i toppfotballen. Elleve år seinare kjempar dei to gamle storklubbane for å unngå nedrykk til 4. divisjon.

Edvard Iversen og Tornado Måløy

LIGG UTSETT TIL: Tornado Måløy kjempar for eksistensen i 3. divisjon, og enda med å få to raude kort mot Skarbøvik (t.v.). Tidlegare leiar Edvard Iversen håpar laget skal karre seg til ny kontrakt.

Foto: Stig Høynes / NRK

– Eg synest det er trasig. Det vil gjere vondt, dersom vi rykkjer ned, seier Edvard Iversen.

Han har gjennom ein mannsalder vore ein av dei mest sentrale personane bak den gamle Raudeberg-klubben Tornado. I 30 år hadde han roller som formann, oppmann og dagleg leiar.

No ser Iversen klubben i hjartet sitt kjempe med ryggen mot veggen.

– Å slå saman to klubbar og få gode resultat - eller helst betre resultat - tek mykje meir tid enn vi trudde på førehand. Årsaka slik eg ser det, er at du skal byggje opp ein ny kultur, og helst ein vinnarkultur, seier Iversen.

– Hadde ikkje hatt seniorlag utan samanslåing

I januar 2003 vedtok årsmøta i Tornado FK og Måløy IL at dei ville slå saman klubbane til éin: Tornado Måløy FK. Seinare på året følgde dei etter med ein overbyggingsklubb på seniornivå i Årdal: Jotun og Årdalstangen/Lærdal vart til Årdal FK.

Målet var å etablere klubbane på eit høgare nivå. Begge hadde ambisjonar om 2. divisjonsspel - og i bakhovudet låg draumen om å kjempe om opprykk til 1. divisjon.

Elleve år seinare er situasjonen ein heilt annan. Dei to lokale aristokratane kjempar for å overleve i 3. divisjon.

– Eg meiner det var rett å slå saman klubbane, og det har eg meint heile tida. For kva hadde vore alternativet? I denne perioden hadde korkje Tangen eller Jotun klart å stille seniorlag kva for seg. I periodar hadde det vore heilt umogleg, seier Årdal-leiar Geir Kjetil Øvstetun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Kjetil Øvstetun

VAR RETT: Geir Kjetil Øvstetun i Årdal FK meiner ein ikkje hadde anna val enn å slå saman seniorsatsinga i Jotun og Årdalstangen.

Foto: Årdal FK

Trur eldsjelene gav seg med samanslåinga

I perioden etter samanslåinga har talet avdelingar i 2. divisjon blitt halvert, og talet avdelingar i divisjonen under har gått frå 26 til 12. Det gjer det tøffare for små klubbar å hevde seg blant dei beste.

– Samstundes er det ikkje tvil om at ein håpa ei samanslåing skulle gi sterkare A-lag. Men det har ikkje skjedd. Eg trur det er ei utfordring at folketalet ikkje blir større og at mange reiser ut for å ta utdanning, seier leiar Rober Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Robert Endestad

TRIST: Krinsleiar Robert Endestad håpar og trur både Årdal og Tornado Måløy bergar plassen i det gode selskap.

Foto: Alf Vidar Snæland

Han legg til:

– Dessutan trur eg at eldsjelene i klubbar som Tornado og Jotun gav seg litt då det vart ei samanslåing. Litt av det frivillige fall vekk, og det var ikkje lenger heilt den klubben dei hadde hjartet sitt i. Så her er det fleire utfordringar, seier han.

– Var det feil å slå saman laga?

– Nei, det trur eg ikkje. Det er ei utfordring å få frivillige til å stille i styre, på kamp og på andre ting. Slik samfunnet er blitt, så er det av og til naudsynt å gjere slike grep. Eg veit ikkje om det finst ein fasit på kva som er rett og feil.

Målet er framleis å kjempe om 1. divisjon

Både Jotun og Tornado var mellom dei aller beste klubbane i Sogn og Fjordane då dei bestemte seg for å slå saman laga i sine respektive kommunar. No må dei sjå ei rekkje andre klubbar framfor seg.

På stiftingsmøtet i Årdal FK vedtok ein at klubben innan 2010 skulle etablere seg som ein god 2. divisjonsklubb og også vere med og kjempe om opprykk til 1. divisjon.

Klubben har i ei årrekke vore – og skal framleis vera – det nest beste laget i fylket etter Sogndal.

Nettsida til Årdal FK

– Vi har som mål å klare det, men akkurat no er det ikkje realistisk. Det er ikkje sikkert vi klarer det, heller. I desse dagar har vi utfordringar knytt til korleis vi skal organisere heile årdalsfotballen - men det er noko idrettsrådet ser på, seier Øvstetun.

Han poengterer at Årdal fekk ein umiddelbar effekt av samanslåinga, då klubben i tre år på rad spelte i 2. divisjon. Sidan den gongen har dei vore i 3. divisjon.

– Vi må hugse at talet lag i desse divisjonane er halvert. Så nålauget har blitt mykje trongare, seier Årdal-leiaren.

Higa etter noko som var nytt og betre

I Vågsøy var Edvard Iversen blant dei som stemte for å slå saman klubbane. I ettertid meiner han at klubbane nok ikkje såg for seg at det skulle vere så vanskeleg å byggje opp ein ny kultur. Medan vinnarkulturen og tradisjonane sat i veggane på Raudeberg, var ein ikkje like langt framme på fotballsida i Måløy.

– Var det rett å slå saman klubbane?

– Det er nok blanda meiningar om det. Men vi hadde aldri vore borti dette før, og Tornado var på slutten ein litt sliten klubb. Vi hadde problem med å hanke inn trenarar og leiarar for å halde tempoet oppe - og vi higa etter noko nytt og betre. Vi såg for oss at føresetnadene for suksess skulle bli betre, med større sponsormarknad, tilgang til næringslivet med spelarar og så vidare, seier han.

– Men det viser seg at det ikkje er gjort over natta. Ein skal smelte saman to kulturar. I Tornado var det korte leiarlinjer, og det var raskt gjort å ta avgjerder. Så kjem det inn folk i styre og stell som ikkje er vande til dette, og det er også ein del av problemstillinga, seier Iversen, som den gongen gav seg i klubben på grunn av ein utfordrande sivil jobb.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tornado-Måløy
Foto: Stig Høynes

Trur dei skal klare å overleve

Det er fire serierundar igjen av årets 3. divisjon, og korkje Tornado Måløy eller Årdal er utanfor fare. I verste fall endar det med nedrykk. Men ingen har tenkt å gje seg før siste spark på ballen.

Og: Dei to laga møtest i Årdal i aller siste serierunde...

– Eg håpar og trur begge laga skal klare seg, sjølv om det kan sjå svart ut. Men då må ein stå saman og stole på gode, gamle krefter som har vore med på dette før. For dette er veldig viktig, seier Iversen.

– Vi er no på rett side av nedrykksstreken, og er optimistiske etter at vi har hatt ein betre haust- enn vårsesong. Vi har vore gode i dei aller fleste kampane i haust, seier Øvstetun.

Han er klar på at små barnekull er blant dei største utfordringane fotballen i Sogn og Fjordane no står overfor.

– Difor er det viktig å tenkje nytt framover. Det er ei utfordring om ein vil bli god utanfor dei dei store befolkningssentra. Det er stadig fleire som slit, seier Øvstetun.

I helga vart det ein etterlengta 1-0-siger for Tornado mot sunnmørslaget Norborg heime på Refvika. Med 21 poeng er laget likevel godt planta i botnstriden. Årdal FK møter Hødd 2 på krøllgraset heime i Årdal måndag kveld.