Hopp til innhold

Rådmann vil inn og mekle for å gjere tre fotballklubbar til éin

Rådmann i Årdal, Frank Westad, meiner det er på tide å samlast om éin fotballklubb og ikkje tre i den vesle bygda. Den jobben er Årdal Idrettsråd allereie i gang med.

Rådmann Frank Westad og Årdal FK

VIL HJELPE: Rådmann i Årdal, Frank Westad, stiller gjerne opp for å mekle mellom klubbane.

Foto: Stig Høynes / NRK

Det er i dagens Sogn Avis rådmannen tek til orde for dette i eit lesarinnlegg.

– Grunnen er å sikre betre rekruttering, sikre at spelarar blir verande, samt sikre betre resultat. Slik eg ser det er det det beste for borna å halde seg til éin klubb, seier Westad.

Han peikar på at det er problem å stille lag for dei forskjellige laga, og dei er difor avhengige av å låne spelarar av kvarandre, med det ekstraarbeidet det fører med seg.

– Det er problem med å ha nok spelarar til å stille lag. Då er dette ei måte å gjere det på, slik at ein sikrar den delen av fotballen, seier Westad.

Må stå saman og konkurrere

I Årdal har ein hatt tradisjon for fleire fotballklubbar i uminnelege tider, og rivaliseringa mellom Øvre og Tangen er neppe noko ein berre kan leggje bak seg med eit pennestrøk. Men det skremmer ikkje Westad.

– Det er ein fornuftig og framtidsretta konsekvens av at det berre er 5500 innbyggjarar her, og det handlar om å samle ressursane. Dette er viktig for å ha det rette fokuset framover. Og det må ikkje vere på intern rivalisering, men å stå saman og konkurrere mot andre klubbar på ein god og betre måte, seier Westad.

Likevel er han realistisk og ser at det kan verte noko krevjande å selje inn bodskapen til dei ihuga supporterane i kvar klubb.

– Det vert den store syretesten. Kva er det viktige? Er det historikken, eller er det framtida og borna som skal utøve idretten, seier Westad.

– Du er ikkje redd dette vert ei oppgåve omtrent like krevjande som å skape fred i Midtausten?

– Jau, men fred er vel å føretrekkje. Eg er optimistisk. Men no må klubbane setje seg ned og snakke internt, og så må vi møtast og ta ein prinsipiell diskusjon rundt det først. Men eg trur det er lurt å ha ein ekstern prosjektleiar, seier Westad, som stiller seg til disposisjon.

Draktfarge og namn er underordna

– Eg ser for meg at eg kan mekle i ei slik situasjon. Dette må vere ei fin fritidssysle for meg. Eg er interessert i fotball og er utanfrå fylket, seier moldensaren.

– Men dette handlar meir om organisering og korleis ein brukar ressursane på best mogleg måte, seier Westad.

Nokre tankar om logo, draktfarge og namn på ein eventuell ny klubb, har ikkje Westad tenkt på.

– Målet er å samle ressursar, barn og alle i kommunen under same fane. Så får draktfarge og namn på klubben vere underordna, seier Westad.

Styreleiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, er for tida på ferie utanlands og har ikkje høve til å uttale seg om saka.

Nestleiar i Årdal FK, Ole Vidare Øren, seier på generelt grunnlag at det er flott at folk engasjerer seg i fotballen i bygda, og ønskjer ikkje å kommentere det konkrete utspelet før det har vore drøfta i styret.

Styreleiar i IL Jotun, Tor Erik Sveen, er for tida på ferie utanlands og har ikkje høve til å kommentere saka.

Startar opp arbeid i august

Magne Knudsen er leiar i Årdal idrettsråd, og kan fortelje at idrettsrådet allereie er i gang med å sjå på om klubbane i Årdal bør slåast i hop.

– Det er fint at vi har ein engasjert rådmann, det set i vi stor pris på. Idrettsrådet har fått pålegg frå årsmøtet om å sjå på idretten i Årdal, seier Knudsen.

Prosjektgruppene skal leggje fram si tilråding til årsmøtet neste år, og tek til med arbeidet i august når ferien er slutt.

– Vi har sett ned to prosjektgrupper. Ei skal sjå på anlegga i Årdal, og den andre skal sjå på samhandling og moglegheita for eitt idrettslag i Årdal. Viss Westad vil, skal han meir enn gjerne få vere med, seier Knudsen.

Han understrekar at gruppene ikkje har noko tidspress på seg.

– Vi skal bruke god tid. Dette må forankrast i idrettslaga og dei respektive styra før idrettsrådet kjem med ein konklusjon. Vi skal komme med eit innspel, men det er idrettslaga som eig prosjektet, seier Knudsen.

Må prøve å sjå framover

Han peikar på at det er idrettslaga og styra som må gje dei mandat til å gå vidare med saka.

Det har lege i korta ei stund at idrettsrådet ønskte at ein skulle sjå på desse sakene.

– Det går på befolkningsgrunnlag, at i har mange fine anlegg i Årdal og at vi ønskjer å aktivisere flest mogleg barn og ungdom lengst mogleg, seier Knudsen.

Han peikar på at Årdal stort sett har to av alt.

– Samtidig har vi eit befolkningsgrunnlag som gjer til at vi må samhandle. Det er berre å sjå på årskulla, så seier det seg sjølv. Men dette får vi til. Vi har masse gode prosjekt som har vore vellykka, seier Knudsen.

– Så du trur ikkje rivalisering mellom Øvre og Tangen vil gjere dette til eit krevjande prosjekt?

– Det kan vere sunt å ta vare på det gamle, men vi må prøve å sjå framover også. Det er vel det viktigaste, seier Knudsen.