Hopp til innhold

Fekk spørsmål frå Radøy/Manger om å spele kamp - held seg til rapporten frå krinsen

Styret i Årdal FK heldt i kveld styremøte etter å ha fått førespurnad frå Radøy/Manger om å finne nytt tidspunkt for kampen som skulle vore spelt i helga som var. Styret meiner det må vere opp til Hordaland fotballkrets å bestemme.

Christensen og Øvstetun

IKKJE BLIDE: Vik-trenar Jarle Christensen (t.v.) er rimeleg irritert over saka slik ho står no. Styreleiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun meiner Årdal ikkje har skuld i situasjonen som har oppstått.

Foto: Noralv Pedersen / NRK/privat

– Vi viser til den rapporten som Årdal FK sende til Hordaland fotballkrets i samband med saka, og vi vil framleis akseptere den avgjerda som Hordaland fotballkrets kjem fram til, seier Øvstetun.

– Det betyr at de ikkje vil takke ja til å spele nokon kamp for å løyse dette?

– Det er Hordaland fotballkrets som må avgjere det. Det er ikkje Årdal fotballklubb, seier Øvstetun.

Held seg til vedtaket

– Så viss kretsen i Hordaland seier at det er greitt med ny kamp, så stiller de?

– Eg viser berre til vedtaket. Vi vil framleis akseptere den avgjerda som Hordaland fotballkrets kjem fram til. Og då ligg det vel implisitt i det svaret, seier Øvstetun.

Vedtaket hadde tre dagars ankefrist frå tidspunktet klubbane vart orienterte. Dermed kan ein truleg vente eit svar frå kretsen torsdag.

– Eg reknar med at det er eit svar på dette torsdag ettermiddag, seier Øvstetun.

Vart ekskluderte frå serien

Bakgrunnen for den litt kinkige og betente situasjonen er at Radøy/Manger ikkje makta å stille lag til førre helgs oppgjer mot Årdal.

Ifølgje regelverket betyr det at laget skal strykast frå serien, då det er ikkje løyve til å avlyse fotballkampar. Måndag vedtok Hordaland fotballkrets å ekskludere laget.

Det har fått fleire til å steile, mellom anna Vik-trenar Jarle Christensen var svært skuffa.

Han sa måndag at han trudde bot, og eit nytt forsøk på å få spelt kampen, var den openberre løysinga.

Farleg botnliv for Vik

For med Radøy/Manger ute av seriedansen, mister Vik seks poeng som dei har fått mot botnlaget frå Nord-Hordaland. Dermed lever vikjene svært farleg i 3. divisjon.

Samtidig har Årdal FK og Øvstetun vore kritiske til at Radøy/Manger ikkje klarte å stille nok spelarar til kampen i helga som var.

– Eg tykkjer det er veldig uheldig for fotballen. Dette er slike saker som korkje vi eller andre i seriesystemet ønskjer skal oppstå, seier Øvstetun.

Han legg ikkje skjul på at stemninga i fotballfamilien i 3. divisjon ikkje akkurat når nye høgder av slikt.

– Eg må seie at frå visse hald har einskilde problem med å forstå kven som har forårsaka desse problema. Og det er ikkje Årdal fotballklubb, seier Øvstetun.

Har lært å lese

– Føler du at de indirekte har fått litt skuld for dette?

– Eg lærde å lese ganske tidleg. Og det er vanskeleg å unngå å lese det som står i avisa i dag. Det må eg seie, seier Øvstetun, med klar adresse til Vik-trenar Jarle Christensen, som i onsdagens Sogn Avis var krass i si uttale om klubben i indre Sogn.

– Dette er saker vi burde vore utan. Eg tykkjer fokuset i denne saka til tider har vore heilt feil. Det er ikkje Årdal fk som ikkje har møtt opp til kamp, og det er heller ikkje vi som har teke ei avgjerd i saka. Det er Hordaland fotballkrets. Og det må vi halde oss til. Slik er spelereglane, seier Øvstetun.

Vik-trenar Jarle Christensen er litt overraska over styrevedtaket i Årdal.

– Eg trudde det var av interesse for alle partar å bli ferdig med sesongen på ein skapeleg måte. No får vi berre avvente kva krinsen seier, seier Christensen.