Hopp til innhold

Kassebil blei knust i møtet med vogntoget

LÆRDAL/FØRDE (NRK):Føraren av ein kassebil ligg med alvorlege skader på sjukehus etter den dramatiske ulukka i Lærdal i natt.

Ulukke i Lærdal

KNUST: Kassebilen kom i klem mellom fleire vogntog.

Foto: | / NRK

Kai Roger Gjelsvik var ein av sjåførane som uforvarande hamna midt i den alvorlege ulukka i Lærdal i natt. Han fortel om klink is i vegbana.

– Det var ikkje vits i å bremse, det var berre å gje seg på. Det var klink is, seier sjåfør Kai Roger Gjelsvik.

Det var i natt fem vogntog og ein personbil var involvert i ei trafikkulukke på E16 ved Bjørkum i Lærdalsdalen. Ein person i 40-åra er alvorleg skada etter ulukka.

Måtte springe for ikkje å bli treft

– Det gjekk rett fram og der stod det fleire bilar som hadde saksa saman, fortel sjåføren.

Etter at Gjelsvik sin lastebil kolliderte inn i dei framfor seg måtte han komme seg ut av køyretøyet.

– Det kom fleire lastebilar rundt svingen. Det var berre å springe for ikkje å sitte i bilen og bli treft av dei som kom bak, fortel Gjelsvik etter den dramatiske opplevinga.

– Bil nummer fem kom ned over gangfeltet og forsvann vidare nedover, men eg trur ikkje han blei skada, fortel Gjelsvik.

Første ulukka han har kome til

Gjelsvik seier dei handla på automatikk då ulukka var eit faktum.

– Eg har komme til ulykker tidlegare, men eg har aldri sjølv vore involvert i ei. Eg har køyrd i ti år, så ein gong måtte vere den første - men det er jo ikkje noko moro, seier den røynde sjåføren.

Politiet seier til NRK at det ei strekning på omtrent ein kilometer med glatt føre ved ulukkesstaden.

Kl. 0750 melde Statens vegvesen at vegen er open for fri ferdsel.

Vegen er open

OPEN: Vegen er no opna att etter ulukka. Alle dei involverte køyretøya er no fjerna frå ulukkesstaden.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK