– Ein må legge sykkelløpet dit skikkelege folk bur, seier Viggo Randal i Gulen med eit smil.
Han har fått oppgåva med å lage folkefest for syklistane og publikum som svingar innom den vesle øykommunen 25. mai. Sykkelrittet Tour de Fjords startar dagen før i Balestrand, og nokre av verdas beste syklistar skal i løpet av fem dagar sykle seg over bakkar og fjell, gjennom vakre fjordlandsskap og innom både små og store bygder og byar på Vestlandet.
For første gong i løpet av rittet si fem år lange historie legg ein turen innom Sogn og Fjordane. Byen som skal arrangere VM i sykkel berre nokre månadar etterpå glimrar med sitt fråvær.
– Vi skal opp til Sogn og Fjordane i år, og for å få logistikken til å gå opp, må vi ta ut nokre ting, som kan kome inn att seinare. Vi blir kontakta av mange om å få vere med, og når vi såg entusiasmen og det dei kunne tilby der var det naturleg å ta dei med, seier rittleiar, Roy Hegreberg.
Folkefest for alle
Kva som møter syklistane og publikum når Viggo Randal og dei 2500 fastbuande i Gulen kommune skal skipe til folkefest er framleis litt i det blå.
– Planane er i ferd med å forme seg, og vi vil lage folkefest for både dei lokale og tilreisande. Det ligg mykje prestisje i eit slikt prosjekt, og med TV-sjåarar i 60 land og stor nasjonal interesse så blir det noko mange får med seg, seier prosjektleiaren i Gulen.
Kven som stiller til start er førebels ikkje klart, men rittleiaren meiner dei har funne eit godt tidspunkt der fleire av dei store stjernene kan vere aktuelle.
– Giro de Italia går samstundes, men få av dei store stiller der. Aleksander Kristoff har nettopp avslutta eit ritt i USA då, og vi håpar å få han med, og det ynskjer han sjølv også. Vi jobbar knallhardt for å få flest mogleg av dei store profilane med, seier Hegreberg.