Hopp til innhold

Klar for folkefest på heimebane

Få med deg folkefesten, vestlandsoppgjeret og kampen om tre poeng når Sogndal møter Brann på Fosshaugane.

Acosta gir Brann 1-0 mot Sogndal

KLAR FOR REVANSJE: 2–0 enda stillinga då Sogndal spelte mot Brann i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Veslebror mot storebror. Bygd mot by. Elleve mot elleve. Sogndal møter Brann til kamp om tre poeng på ein fullsett Fosshaugane Campus.

– Dette blir ein stor folkefest med mykje folk og bra trykk. Det gler vi oss til, samt at vi forhåpentlegvis tek tre poeng, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Bakke er alt anna enn overraska over at kampen er utseld.

– All honnør til gutane som gjer at vi ligg der vi ligg på tabellen. Det er spelarane, frivillige og dei andre i klubben som gjer at vi trekk så mykje folk. Det skulle berre mangle.

Mister ikkje nattesøvnen

Sogndal ligg midt på tabellen på ein niandeplass, medan Brann er heilt oppe i teten på ein andreplass. Akkurat det tek ikkje nattesøvnen frå Bakke.

Min nattesøvn lir nok ikkje. Det er ikkje eg som skal spele kampen. Eg skal berre rope frå sidelinja, ler Bakke.

Laga har møtt kvarandre 31 gonger før i øvste divisjon. På heimebane har Sogndal eit godt tak på bergensarane med elleve sigrar på femten forsøk. Ein må tilbake til 2002 då Brann sist vann ein kamp i saftbygda.

– Eg er ikkje redd for kven vi møter, sjølv om eg har respekt for motstandar. I morgon handlar det om Sogndal og korleis vi skal vere. Eg vil sjå eit lag som spelar på vår måte med bra trykk under folkefesten, men då må vi ha med oss publikum. Det trur eg kan bli moro, seier Bakke.

Acosta gir Brann 1-0 mot Sogndal

KLAR FOR REVANSJE: 2–0 enda stillinga då Sogndal spelte mot Brann i Bergen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Troppen mot Brann er klar

Det er lite endringar i troppen til Bakke mot Brann.

– Stort sett same som sist, men Magnus Pedersen er ute. Alle friske er med i troppen, men vi stiller stort sett same tropp som vi har gjort dei siste tre kampane.

Har du ein spelar som blir ein viktig joker i kampen mot Brann?

– Eg har sju spelarar på benken som kan brukast som joker, ler Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..